Tryggare på topptur

Med boka Toppturar i Sunnfjord ønsker forfattarane å gjere fleire toppar tilgjengelege. Då er trygg ferdsel viktig.

– Berre fordi ein topp står skildra i ei bok, betyr ikkje det at det er tut og køyr og at du kan legge i veg utan å ta forholdsreglar. Det håpar eg dei fleste veit, smiler Sindre Hoff.

Motbakke- og randoneutøvaren er ein av forfattarane bak boka, og har lang erfaring med toppturar. No vil han at dei som kjøper boka skal bruke den som eit nyttig verktøy for å komme seg på tur og oppdage nye toppar. Med den erfarne tindevegleiaren Per Magne Bakke med på laget, samt Brit Siv Fimland, som jobbar med skredvarsling i NVE, er dei sikra gode terrengvurderingar.

Enklare å velje rette turen

– Vi ønsker å inspirere og syne fram turpotensialet i Sunnfjord på ein trygg og fornuftig måte. Difor har vi vurdert terrenget og deler det inn i forskjellige klassifiseringar med tanke på skred. Vi har tre graderingar; enkelt, utfordrande og komplekst. På den måten er det enklare å velje rette turen etter kor mykje erfaring du har. Eit eige kapittel i boka forklarar symbola og omhandlar skred og skredfare, vêr og snøforhold. Slik kan du bruke boka som ein guide når du planlegger topptur, forklarar han.

Sindre synest at folk er flinke til å gå gradene og at dei aller fleste klarar å vurdere kva nivå dei er på.

­– Nybegynnarar og dei med lite erfaring startar som regel med snille toppturar, som Nonsnipa eller Olahansen på Jølster. Det er ikkje eit mål å alltid kaste seg utanfor bratte fjellsider. Du finn mange fine nedkøyringar i skredtrygt terreng, og det er lettare å køyre fine svingar i ei jamn side enn å karre seg ned ei bratt fjellside. Om du etter kvart ønsker å gå meir krevjande turar, så reis gjerne på tur med folk som har lang erfaring og lær av dei. Og hugs alltid å vurdere risikoen. Eg kjenner diverre fleire som har opplevd skred, og rådar alle til å sjekke vêrmeldinga og varsom.no før ein legg ut på tur.

Enorm interesse for toppturar

Sindre har merka ei enorm interesse for toppturar siste åra. Han får stadig spørsmål om turtips og kva utstyr ein treng.

– Interessa har nærast eksplodert! Mange blir inspirerte av flotte bilete i sosiale medium og freista til å prøve. At interessa er stor i Sunnfjord er kanskje ikkje så rart med så mange toppar tilgjengeleg. I tillegg får ein tak i veldig bra utstyr i dag, som gjer det enklare å gå toppturar.

­Meir behageleg med godt utstyr

– Må ein ha det beste utstyret for å gå toppturar?

– Om du har gode, gamle ski som du alltid har gått topptur med, så fungerer dei nok i dag også. Mange brukar gamle telemarkski. Eg trur likevel at du kan få ein meir behageleg tur og ei finare nedkøyring om du investerer i moderne utstyr. Det må ikkje vere så dyrt, og du får tak i mange rimelege skipakkar –både nye og brukte. Sjølv likar eg best lett utstyr, for då kan eg bevege meg raskare. Dette er smak og behag, og noko av det viktigaste er som alltid gode sko, seier han.

Den 1. november er det boklansering av ”Toppturar i Sunnfjord”, og forfattarane bak boka gler seg til å dele sine beste turtips frå nærområdet.

– Vi håpar vi kan synleggjere fleire toppar med boka, og at fleire får lyst til å nytte seg av det unike landskapet vi er omgitt av. Vi har uendeleg med dalføre, fjell og toppturmoglegheiter i Sunnfjord. Det gler vi oss til å fortelje folket om, avsluttar Sindre.

Du kan lese meir om boklanseringa her.