Velkommen til folkemøte!

Stad: Naustdal skule, Idrettshallen.

Tid: 15. februar kl. 18.00 – 21.00

Tema: Naustdal i utvikling.

Kva er Naustdal sine styrkar og svakheiter? Korleis kan vi gjere tettstaden vår meir attraktiv i dag, i framtida og som ein del av den nye storkommunen?

Sunnfjord Utvikling har saman med PwC kartlagt og analysert Naustdal som tettstad. På folkemøtet presenterer vi dei interessante funna, og saman skal vi finne ut korleis vi kan utvikle Naustdal vidare i positiv retning.

Naustdal har blant anna ei sentral plassering mellom Førde og Florø, men ingen område å drive næringsverksemd på. Tettstaden har nærleik til naturen, men manglar gode møteplassar i sentrum. Dette og mykje meir skal vi diskutere denne kvelden.

Agenda

  • 18:00: Velkommen!

    Møteleiar Rolf Sanne-Gundersen ynskjer velkommen

  • 18:05: Kva er status for arbeidet med den nye storkommunen?

    Orientering og status ved Ole John Østenstad og Øystein Høyvik

  • 18:20: Tettstadutvikling i Sunnfjord

    Presentasjon av prosjektet om tettstadutvikling i Sunnfjord

  • 18: 30: Presentasjon av no-situasjonen til Naustdal

    • Tenester og tilbod
    • Tilgjengelege bustad- og næringsareal
    • Folketalsutvikling
    • Styrkar og svakheiter
    • Kommentarar frå deltakarar i arbeidsgruppa
  • 19:15: Korleis organisere arbeidet med å utvikle Naustdal?

    – Gruppearbeid og innspel

    • Kva er dei tre viktigaste punkta for å utvikle Naustdal?
    • Korleis organisere dette arbeidet?
    • Korleis skape engasjement?
  • 21:00: Slutt.

Enkel matservering frå Håjen.

Møt opp og påverk framtida til tettstaden din!