Velkommen til folkemøte!

Stad: Gaularhallen

Tid: 30. januar kl. 18.00 – 21.00

Tema: Sande i utvikling.

Kva er Sande sine styrkar og svakheiter? Korleis kan vi gjere tettstaden vår meir attraktiv i dag, i framtida og som ein del av den nye storkommunen?

PwC har i lag med  Sunnfjord Utvikling kartlagt og analysert Sande som tettstad. På folkemøtet presenterer vi dei interessante funna, og saman skal vi finne ut korleis vi kan utvikle Sande vidare i positiv retning.  Sande har blant anna hatt stor auke i folketalet siste åra, og har eit kompakt sentrum med fleire gode møteplassar. Korleis kan vi bli betre på å kommunisere det positive som skjer i tettstaden vår? Dette og mykje meir skal vi diskutere denne kvelden.

Agenda

  • 18:00: Velkommen!

    Møteleiar Rolf Sanne-Gundersen ynskjer velkommen

  • 18:05: Kva er status for arbeidet med nye storkommunen?

    Orientering og status ved Ole John Østenstad og Øystein Høyvik.

  • 18:20: Tettstadutvikling i Sunnfjord

    Presentasjon av prosjektet om tettstadutvikling i Sunnfjord

  • 18: 30: Presentasjon av no-situasjonen til Sande

    • Tenester og tilbod
    • Tilgjengelege bustad- og næringsareal
    • Folketalsutvikling
    • Styrkar og svakheiter
    • Kommentarar frå deltakarar i arbeidsgruppa
  • 19:15: Korleis organisere arbeidet med å utvikle Sande?

    – Gruppearbeid og innspel

    • Kva er dei tre viktigaste punkta for å utvikle Sande?
    • Korleis skal ein arbeide/ organisere dette arbeidet?
    • Korleis skape engasjement?
  • 21:00: Slutt.

Enkel servering frå Mjølkerampen.

Møt opp og påverk framtida til tettstaden din!