Velkommen til folkemøte!

Stad: Gjesthalla

Tid: 7. februar kl. 18.00 – 21.00

Tema: Vassenden i utvikling

Kva er Vassenden sine styrkar og svakheiter? Korleis kan vi gjere tettstaden vår meir attraktiv i dag, i framtida og som ein del av den nye storkommunen

Sunnfjord Utvikling har i lag med PwC kartlagt og analysert Vassenden som tettstad. På folkemøtet vil vi presentere dei interessante funna, og saman skal vi finne ut korleis vi kan utvikle tettstaden vidare i positiv retning.

Vassenden er blant anna kjent for gode aktivitetstilbod året rundt med kort veg til natur-og rekreasjonsområde, men manglar bustadtomter og naturlege møteplassar. Kva med kollektivtilbodet utanom arbeidstid? Kva gjer eit delt og spreidd sentrum for tettstaden? Dette og meir skal vi diskutere denne kvelden.

Agenda

  • 18:00: Velkommen!

    Møteleiar Rolf Sanne-Gundersen ynskjer velkommen

  • 18:05: Kva er status for arbeidet med den nye storkommunen?

    Orientering og status ved Ole John Østenstad og Øystein Høyvik

  • 18:20: Tettstadutvikling i Sunnfjord

    Presentasjon av prosjektet om tettstadutvikling i Sunnfjord

  • 18: 30: Presentasjon av no-situasjonen til Vassenden

    • Tenester og tilbod
    • Tilgjengelege bustad- og næringsareal
    • Folketalsutvikling
    • Styrkar og svakheiter
    • Kommentarar frå deltakarar i arbeidsgruppa
  • 19:15: Korleis organisere arbeidet med å utvikle Vassenden?

    – Gruppearbeid og innspel

    • Kva er dei tre viktigaste punkta for å utvikle Vassenden?
    • Korleis skal ein organisere dette arbeidet?
    • Korleis skape engasjement?
  • 21:00: Slutt.

Enkel servering av lokalmat frå Erketunet.

Møt opp og påverk framtida til tettstaden din!