Helseinnovasjonkonferansen – 31. Oktober 2019
Endringar i samfunnet krev at helsesektoren i framtida må løyse oppgåver annleis enn i dag. Helse Førde har aukande fokus på nyskaping, og vil gjerne samhandle med næringslivet! Difor vert du no invitert til denne konferansen der vi med utgangspunkt i helsesektoren sine framtidige behov ønskjer å dele kunnskap om tverrfagleg innovasjonsarbeid, og på lang sikt bidra til lokal verdiskaping på tvers av offentleg og privat sektor.
I lag med 5 medarrangørar inviterer Helse Førde no til Helseinnovasjonskonferansen 2019. På konferansen vil du bli presentert for gode døme på lokalt innovasjonsarbeid, samt få meir kunnskap om både utfordringar og mulegheiter. Ikkje minst får du høyre om arbeidet med Nye Førde Sjukehus.
Sjå heile programmet her: www.helseinnovasjonskonferansen.no.
Dato: 31. oktober
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Påmelding: Trykk her for påmelding
Pris: 775,- kroner (250,- for studentar)
Arrangørar: Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, NHO, Innovasjon Norge, Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane
Sjå filminvitasjon frå Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde – klikk her.
Har du spørsmål om konferansen, så kontakt Gro Rukan: 913 21 392 / gro@kpsf.no
Vi håper å sjå deg på Helseinnovasjonskonferansen 2019!