Siste nytt om nye koronatiltak finn du her (29.05.20)

Sunnfjord Utvikling ynskjer å vere ein ressurs for å hjelpe næringslivet til å handtere situasjonen som har oppstått.

På denne sida vil du finne oppdatert og relevant informasjon knytt til situasjonen.

Vi er tilgjengelege på telefon og e-post for dei som ynskjer rådgjeving. Klikk her for å finne kontaktinformasjonen vår.

Oversikt over nasjonale tiltak knytt til koronakrisa – oppdatert per 26.05.20

Regjeringa og Stortinget kjem fortløpande med tiltak knytt til koronakrisa.

Under har vi summert opp tiltak av relevans for næringslivet i Sunnfjord.

 

  • Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning vil kunne få kompensasjon

Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning (20 prosent i mars) som følgje av koronaepidemien, vil kunne søke om støtte til uunngåelege faste kostnadar. Som uunngåelege faste kostnadar reknast leige av lokale, lys og varme, vatn og avløp, forsikring, leige av utstyr og transportmidlar, samt netto rentekostnadar.

Kompensasjonsordninga er klar. Søknadsskjemaet var først tilgjengeleg for bedrifter som vår pålagde å stenge, men er frå 20. april opna for bedrifter som har hatt minst 30% fall i omsetning. Søknadsskjema og nærare informasjon finn du her: https://kompensasjonsordning.no/

 

Føretak som er pålagt å stenge ned:

Regjeringa føresler at føretak som er pålagt å stenge ned av staten, vil få dekka inntil 90 prosent av sine uunngåelege faste kostnadar per månad.

Dette vert berekna slik: Reduksjon i omsetning x uunngåelege faste kostnadar x justeringsfaktor på 90 prosent.

Døme – Klinikk 10 A – pålagt å stenge av staten

omsetningsfall = 100 prosent X faste kostnadar = 76 000 X 90 % = 68 400

Endring frå april, med tilbakevirkande kraft frå mars: bedrifter som er pålagt å stenge vil få kompensasjon for uunngåelege kostnader i samband med stell av dyr, inkl fõr.

 

Føretak som ikkje er pålagt å stenge, men har reduksjon i omsetning:

Bedrifter som ikkje er pålagt å stenge, men likevel opplever reduksjon i omsetning på 30 prosent eller meir (20 prosent i mars), føresler regjeringa at skal få kompensasjonen berekna slik:

Reduksjon i omsetning x (uunngåelege faste kostnadar – eigenandel på 10 000 kroner) x justeringsfaktor på 80 prosent.

 

Døme – Follo Catering AS – reduksjon i omsetning

omsetningsfall = 75 prosent X faste kostnadar – 10 000 = 140 000 X 80 % = 84 400

Ordninga vil i utgangspunktet gjelde for mars, april og mai, og utbetalingane vil skje etterskotsvis basert på faktisk omsetning i dei aktuelle månadane.

Klikk her for meir informasjon

 

Endring frå og med april: eigenandelen vert redusert til kr 5000,- sjå meir om dette her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/finansministerens-innledning-pa-pressekonferanse-om-koronasituasjonen28.-april/id2700200/?fbclid=IwAR04emvNoWa0XG5vSf5Z732TxEoBmlVRYh_9sgzbaunam1swVa6j_xGBhzw

 

  • Sesongbedrifter

Regjeringa presenterte i mai ny berekning av tilskot for sesongbedrifter, endring frå mai med verknad frå mars.

Sesongbedrifter er i denne samanheng definert som føretak som yter tenester som innebær aktivitetar eller opplevingar som heilt eller delvis føregår utandørs, eller verksemder som er tilknytt desse, til dømes restauranten midt i alpinbakken. Meir informasjon om ordninga finn du på regjeringa sine sider: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/beregning-av-tilskudd-for-sesongbedrifter/id2702884/

 

  • Ynskjer å dekke faste kostnader

Regjeringa føreslår no å opprette ei ordning der bedrifter kan søke om støtte til å få dekka faste kostnadar, som til dømes husleige og forsikringar. Målet er å auke sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skape verdiar og arbeidsplassar når krisa er over. Regjeringa vil kome tilbake med detaljert informasjon om ordninga fredag 3. april. Meir informasjon finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-dekke-faste-kostnader-for-a-redde-arbeidsplasser/id2695340/

 

  • Utsett innbetaling av avgifter og skattar

Utsett innbetaling av meirverdiavgift med forfall 15. april 2020.

Utsett innbetaling av andre termin for forskotsskatt for selskap med forfall 15. april 2020.

Arbeidsgjevaravgifta vert redusert dei to neste månadane med 4 prosent.

Reduksjon av låg momssats til 8 prosent. Dette er ei mellombels ordning inntil vidare.

Meir informasjon finn du på Skatteetaten si temaside om koronaviruset: https://www.skatteetaten.no/tiltakspakker/

 

  • Permittering

Full lønn (inntil 6G) i minimum 20 dagar frå permittering, staten dekkjer frå dag 3 til 20.

Innføring av ordning som sikrar personar ei inntekt på minimum 80 prosent av dagpengegrunnlaget opp til 3G og 62,4 % av dagpengegrunnlaget over 3G og opp til 6G etter dag 20 i permitteringstida.

Inntektsgrensa for å ha rett på dagpengar blir redusert til 0,75 G.

Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: https://www.nav.no/person/koronaveiviser/

 

  • Sjukepengar

Reduksjon av arbeidsgjevarperioden for betaling av sjukepengar knytt til korona-pandemien vert redusert til 3 dagar.

Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: https://www.nav.no/person/koronaveiviser/

 

  • Omsorgspengar

Ordninga med omsorgspengar vert dobla.

Arbeidsgjevarperioden for betaling av omsorgspengar vert redusert til 3 dagar.

Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: https://www.nav.no/person/koronaveiviser/

 

  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vil få sjukepengar frå dag 4 av fråværet med same dekningsgrad som etter gjeldande reglar.

Det vert innført ei ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som inneber utbetaling av omsorgspengar frå og med dag 4, etter same regler som arbeidstakarar og med same dekningsgrad som for sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande.

Det vert innført ei mellombels ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som no mister heile eller delar av inntektsgrunnlaget sitt som ei følgje av korona-pandemien. Desse vil få ein kompensasjon der dekningsgraden er om lag 80 % av gjennomsnitt av siste tre års inntekt avgrensa opp til 6G. Kompensasjonen vert dekka frå og med 17. dag etter at inntektsbortfallet inntraff. Frå måndag 4.mai kan ein søke på denne ordninga. Sjå her for informasjon knytt til dette:https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyheter/frilansere-og-selvstendig-naeringsdrivende-kan-na-soke-om-kompensasjon-for-tap-av-inntekt?fbclid=IwAR3mY84W8UscLM7dUpsIBdSu5CU0XgKJ3rugox3VBuPQN1G_u75VeTwpmBM

Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: https://www.nav.no/person/koronaveiviser/

 

  • Lærlingar

Innføring av ei ordning som sikrar lærlingar som mister lærlingplassen i samband med virusutbrotet ei inntektssikring på nivå med lærlinglønna. Sjå meir informasjon om den nye ordninga her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-kompensasjonsordning-for-larlinger/id2696592/

 

  • Statlege lånegarantiar – likviditetslån til bedriftene

Det er etablert ein statleg lånegaranti spesielt retta mot nye banklån til små og mellomstore bedrifter som får driftstap som følgje av viruset. Bankane kan no lettare tilby likviditetslån, og myndighetene har stilt følgjande krav:

  • Ordninga gjeld berre bedrifter som det er forventa at er lønsame under normale marknadsforhold. Bedrifta må ha positiv eigenkapital ved utgangen av 2019 og positivt resultat før koronautbrotet kom til Norge.

  • Likviditetslån til kvar bedrift skal ikkje overstige det lågaste av;

    • To gangar lønskostnadar i 2019 (evt. beste anslag for ny-oppstarta selskap)

    • 25 prosent av omsetninga i 2019

    • Bedrifta sitt berekna likviditetsbehov

    • 50 millionar kroner

  • Nedbetalingstid på maksimalt 3 år

Ta kontakt med banken din for meir informasjon om ordninga.

Det er også føreslege å på nytt opprette Statens obligasjonsfond, for å bidra til auka likviditet og kapitaltilgang i obligasjonsmarknaden, der dei største bedriftene i all hovudsak låner pengar.

 

  • Auka stønad til kompetanseutvikling (BIO-ordninga)

Arbeidsmarknadstiltaket bedriftsintern opplæring (BIO-ordninga), skal bidra til at bedrifter kan bruke ledig kapasitet til å heve kompetansen og omstille seg, i staden for å måtte permittere eller sei opp dei tilsette. Løyvinga til ordninga er auka med 50 millionar kr.

 Fylkeskommunen forvaltar ordninga, og du finn utlysinga her

 

  • Tilskotsordningar under Innovasjon Norge

Som følgje av koronakrisa har Innovasjon Norge frå og med 15. april lansert to nye tenester og oppdatert fleire av tenestene dei har frå før. Ei oversikt over tenestene og kontaktinformasjon finn du på sidene deira: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/finansiering2/krisetiltak/

 

Takk til Sogn Næring for deling av tekst

Under finn du lenker som vi meiner oppsummerar relevant informasjon om tiltak i denne krisesituasjonen

 

NHO: Spørsmål og svar knytt til kompensasjon for tapt omsetning: https://arbinn.nho.no/forretningsdrift/styrearbeid-og-okonomi/okonomi-og-finansiering/artikler/kompenasjonsordningen/

Informasjonsskriv til arbeidsgjevarar NAV region Sunnfjord

NAV

Sunnfjord kommune si temaside om Koronavirus

Stortingsvedtak i samband med Kornaviruset

Regjeringa sine nasjonale tiltak

Folkehelseinstituttet

Innovasjon Norge

Vestland fylkeskommune

NHO

Førde Industri- og Næringssamskipnad

Arbeidstilsynet

Forskingsrådet

Fjord Norge – for reiselivsnæringa spesielt

Fjord Norge sine innspel til fylkeskommunane vedrørande destinasjonsselskapa

Shifter: Ti overlevingsråd til unge bedriftsleiarar i koronakrise

Dette gjer bankane for næringslivet i Sunnfjord:

Sparebanken Vest

Sparebanken Sogn og Fjordane

SpareBank 1 SMN

DnB

Nordea

 

 

Vedlagt finn de lenke til presentasjonen frå dagens webinar som var eit samarbeid mellom Sunnfjord Utvikling og PwC:

Klikk her

Covid-19 har “over natta” endra dei økonomiske utsiktene for mange verksemder frå svært gode til svært utfordrande.

Webinaret gir deg praktisk informasjon om korleis di bedrift kan handtere situasjonen.

Om de har spørsmål må de gjerne ta kontakt, kontaktinformasjon over.

Verda har på mange måter stoppa opp på grunn av eit virus. Liv og helse er det viktigaste og derfor har styresmaktene sentralt og lokalt no sett i verk strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dette er heilt nødvendig og bra.

Men det har fått og vil få store konsekvensar for næringslivet. Allereie før helga vart dei første permitteringsvarsla sendt ut, og allereie no er det klart at reiselivsbransjen, handelsnæringa, serveringsbedrifter, oppstartsselskap og andre næringar vil få alvorlege utfordringar i tida framover.

Før helga helga kom Regjeringa med første del av «redningspakken». Verdas rikaste land har økonomiske musklar til å bidra i ei vanskeleg tid. No blir det jobba på spreng med å sjå på andre tiltak som kan berge utsette næringar.
Sjølvsagt vil permitteringsvarsel til 10.000 tilsette i SAS, krisa i Norwegian og den alvorlege situasjonen i andre profilerte og store selskap prege nyheitsbildet. Men også selskap lokalt treng hjelp. Små og mellomstore selskap som er livsviktige for distrikta. Viktige arbeidsplassar. Derfor er det viktig at vi også kjem med innspel til løysingar.
Allereie i helga har eg vore i kontakt med selskap som har peikt på kva vi treng her ute for å kome over kneika. Kva slags konkrete tiltak som er viktige. Dette blir spelt vidare til dei rette personane i politikken og i embetsverket.

Ta kontakt med oss dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon.

Helsing Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling. Tlf 97055208 eller rolf@sunnfjord.no

Saman med Fjordkysten og Måløy Vekst arrangerer Sunnfjord Utvikling Vertskapskurs for reiselivs- og handelsnæringa.

Stad:      Thon Hotel Førde

Dato:     15. April. Dag 2 (Dato vert fastsett seinare)

Pris:       1500,- Inkluderar kursavgift og måltid.

Eit godt vertskap er avgjerande for kor vellykka ei oppleving blir. Dette kurset gjer deg i stand til å ta betre vare på dei som vitjar deg. Nøgde kundar fortel vener og kjende om sine gode opplevingar hjå deg. Det betyr høgare avkastning, gjenkjøp og gratis reklame. Kursholder er Märit Torkelson, som tek deltakarane med på ei reise som handler om menneskelige relasjoner og vertskap.

Påmelding til: post@sunnfjord.no

Meir informasjon om kurset:  https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/reiseliv/kurs-for-reiselivsnaringen/godt-vertskap/