,

Vi har tilsett prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord

Det er kjekt å kunne informere om at vi har tilsett prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Kathe Arnesen (49) tek til i stillinga 1. desember 2020. Ho er opphaveleg frå Sandefjord men har budd i Oslo dei siste 20 åra.
Vi fekk totalt 21 søkarar til stillinga. Mange gode, sterke kandidatar og tre av dei med tung rekrutteringsbakgrunn. Mange lokale men og kjekt at stillinga fanga interesse frå kandidatar frå Oslo, Bergen og London.

Kathe er ein erfaren prosjektleiar, og har jobba i og med rekrutteringsbransjen i mange år. I tillegg har ho drive eige kommunikasjons- og PR-byrå, og har jobba med marknadsførings- og kommunikasjonsprosjekt for mange ulike bransjar. Ho har såleis lang erfaring med prosjektleiing av både store og små prosjekt. Ho har og helde kurs for både arbeidsgjevarar og rekrutteringsbyrå med fokus på LinkedIn som rekrutteringsverktøy og kanal for marknadsføring, og forelest på HR Norges HR-utdanning rundt temaet rekruttering i sosiale media/på digitale flater.

Kathe har og jobba tett med rekrutteringsbyrået Jobzone, både gjennom eige føretak og som innleigd prosjektleiar, med oppgåver innan kommunikasjon og marknadsføring retta mot både arbeidsgjevarar og kandidatar.

Som prosjektleiar i Jobzone jobba Kathe med eit omfattande digitaliserings- og innovasjonsprosjekt som hadde som mål å fornye og digitalisere både rekrutteringsprosessane og søkeprosessen for kandidatane.

Med denne erfaringa frå rekrutteringsbransjen er vi trygge på at Kathe vil kunne gjere ein god jobb som prosjektleiar og vere ein ressurs for bedriftene som er med i prosjektet. I tillegg er ho vant med å jobbe utadretta både med nettverksbygging og andre aktiviteter for å utvikle prosjekt og nå dei mål som er sett.

Kathe er utdanna marknadsøkonom frå BI, og har tatt ulike kurs innan digital forretningsforståing, fasilitering, coaching m.m. Hennas personlegdom passar og godt til profilen vi var ute etter.

Kathe er tilflyttar men har to søstrer med familie i Sunnfjord.

Vi ynskjer Kathe velkommen til oss og ser fram til å presentere ho for samarbeidspartnarane i prosjektet!

 

Les meir om Kathe sin bakgrunn og motivasjon her