Rekrutteringsprosjektet som hadde oppstart før jul er no godt i gang, og for tida pågår det kartlegging på to viktige områder:

Kva type kompetanse næringslivet og det offentlige i Sunnfjord har behov for dei nærmaste åra, og i kor stor grad personar frå andre kantar av landet er villige til å flytte på seg i jobbsamanheng.

Kartlegginga av rekrutteringsbehovet gjer me for betre å kunne hjelpe næringsliv og det offentlege med å tiltrekke rett type kompetanse til regionen – når vi veit meir om kva behovet er, kan vi målrette aktivitetar og kommunikasjon spesifikt mot dei yrkesgruppene og kompetanseområda som trengs mest.

Undersøkinga retta mot kandidatar over heile landet vert gjennomført i samarbeid med Norstat, for å sikre at vi får svar som er representative for heile Noreg.

I denne undersøkinga spør vi blant anna om folk kan tenke seg å flytte på seg for å jobbe, kva som er viktigast for dei når dei skal byte jobb, og kva som eventuelt er til hinder for at dei skal flytte.

På den måten får vi vite kva alders- og yrkesgrupper som er mest villige til å flytte, og kva som må til frå arbeidsgjevar og kommunen sin side for å få dei hit.

Vil du vite meir om desse undersøkingane eller ynskjer å få presentert resultata når dei er klare, ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller telefon 98 88 36 88.

 

 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord Utvikling jobbar med eit svært spennande prosjekt som vi har kalla Studentjobb.

Kort fortalt er målsettinga til Studentjobb å gjere dei tekniske studieretningane ved HVL i Førde endå meir attraktive for å sikre studieplassane og auke søkartalet. Dette skal vi gjere gjennom å sikre god arbeidsrelevans under utdanninga. Den langsiktige effekten av dette er at næringslivet i regionen skal få dekka sitt behov for kompetanse.

Ideen er at når ein søker studieplass ved HVL i Førde skal ein vere garantert ein relevant deltidsjobb med 5-20 timar i veka.

For å få dette til treng vi eit forpliktande samarbeid med bedriftene i Sunnfjord. I skrivande stund har vi fått med oss 16 bedrifter i prosjektet og desse tilbyr totalt 30 deltidsstillingar, som er veldig bra! Vi jobbar fortløpande med å rekruttere fleire bedrifter, og håpar di bedrift er ei av desse. Ta gjerne kontakt med Astrid Marie hos oss for å få meir informasjon om denne viktige satsinga.

Regjeringa jobbar med ei stortingsmelding om samarbeidet mellom arbeidslivet og høgare utdanning, med fokus på sterkare arbeidsrelevans i utdanningane. Denne skal leggast fram våren 2021. Kanskje kan Førde og Sunnfjord bli eit godt føregangsdøme på eit slikt samarbeid!

Meir informasjon om prosjektet finn du på nettsida: Studentpraksis og i denne artikkelen frå iFørde

Her kan du sjå partnarskapsavtalen som bedriftene som blir med i prosjektet forpliktar seg til, og eit forslag til ein arbeidsavtale.

Frå 1. mars i år blir det fleire endringar i bemanninga i Sunnfjord Utvikling. Styret er i ferd med å rekruttere ny dagleg leiar etter at Rolf Sanne-Gundersen har sagt opp for å begynne i BKK.
Bente Hauge blir konstituert som dagleg leiar inntil ny dagleg leiar er tilsett.
I tillegg skal Solbjørg Grøneng begynne i ny jobb som rådgjevar i NAV frå 1. mars. Ho blir erstatta av Tuva Eide som i dag er tilsett på grûndersenteret til Innovasjon Norge i Førde. Tuva har også bakgrunn frå Kunnskapsparken og kjenner både regionen og Peak Sunnfjord godt.
I avdelinga for reiseliv har Bjørg Kjos-Wenjum slutta i Sunnfjord Utvikling og begynt i ny jobb i Coop Nordvest.
Frå 1. mars 2021 er dette bemanninga i selskapet: Bente Hauge (konst dagleg leiar), Vidar Slettehaug (ansvarleg reiseliv), Tuva Eide (kommunalt næringsfond/førstelinjeteneste), Kathe Arnesen (rekruttering Sunnfjord)