(OPPDATERING 20.10.2023: Ny nettside er for Remote Sunnfjord remotesunnfjord.no)
Nyleg blei nettsida Remote Førde lansert, som ein del av prosjektet «Ta med jobben til Sunnfjord».
Sunnfjord tek mål av seg til å bli Norges sentrum for fjernjobbarar, eller «remote workers» som dei også kallast, og ynskjer hermed alle som ynsker å ta med seg jobben og flytte hit, velkomen.
Alt skal leggast til rette for at det skal vere enkelt å ta valet om å flytte til Sunnfjord og jobbe herifrå med den jobben ein allereie har, bl.a. gjennom:
- Gratis kontorplass det første året – enten på PEAK Sunnfjord, eller evt. hos Lotteri- og Stiftelsestilsynet viss ein jobbar i staten og heller vil sitte der.
- Tilgangen til eit etablert kontorfellesskap betyr at arbeidsgjevar slepp mykje praktisk tilrettelegging for at den tilsette skal kunne jobbe frå Førde.
- Tilgang til eit etablert miljø av fjernjobbarar (også kalla «remote workers») som allereie finst i Førde – ein slepp å sitte på heimekontor og har en sosial arbeidsplass.
- Program med minglekveldar, fritidsaktivitetar, kulturtilbod og tilgang til dei sterke fagmiljøa i regionen.
Remote Førde er eit samarbeid mellom Sunnfjord Utvikling, PEAK Sunnfjord og Remote.no.
Går eitt steg lenger enn Regjeringa
Distriktsministeren og Regjeringa har no offisielt teke initiativ til å legge til rette for at statleg tilsette skal kunne jobbe kvar som helst i landet: «Regjeringen vil derfor ta initiativ til å utvikle løsninger der ansatte i staten kan tilhøre lokale kontorfellesskap med andre statlige ansatte, eventuelt sammen med kommunale eller private aktører.» (Les heile artikkelen på nrk.no her).
Remote Førde og Sunnfjord tek det no eitt skritt lenger, gjennom å legge til rette for slike ordningar også for tilsette i det private næringslivet.
Prosjektet tek endringane i arbeidslivet og arbeidsmønsteret på alvor, og ynskjer å legge til rette for den store prosentandelen som ynskjer fleksibilitet og som er klare til å gripe mulegheita til å flytte frå ein stressande storby til eit meir velbalansert liv med kortare avstandar til både by og natur. I tillegg til eit innovativt teknologimiljø og eit blomstrande næringsliv.
Ein av intensjonane bak prosjektet er og å fjerne usikkerheit rundt jobb til partner/ektefelle for dei som vurderer å søke ein av de mange spennande stillingane i regionen – frå no av kan ektefelle/partner ta med seg jobben dei allereie har, og kome rett inn i eit kontorfellesskap saman med andre som også fjernjobbar.
Vil du vite meir? Ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller kathe.arnesen@sunnfjord.no, eller meld di interesse via Remote Førde si nettside.
(OPPDATERING 20.10.2023: Ny nettside er for Remote Sunnfjord remotesunnfjord.no)