Kurs i rekrutteringstrategi og arbeidsgjevarprofilering
Folk er bedrifta sin viktigaste ressurs, og kampen om dei riktige arbeidstakarane vert stadig tøffare.
Eit tema Framtidsfylket og vi i Sunnfjord Utvikling verkeleg brenn for er employer branding, eller arbeidsgjevarprofilering, på godt norsk. Det handlar rett og slett om kva grep bedrifta tek for å bygge opp og styrke selskapet sitt omdømme mot arbeidstakar. Kva gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass. Kvifor skal nokon ønske å jobbe hos akkurat deg.
Arbeidet med å finne nye tilsette startar gjerne lenge før du faktisk har eit akutt behov for å rekruttere. Kurset vil motivere og gjere deg betre rusta til sjølv å jobbe strategisk med rekrutteringsarbeidet i di bedrift.
Vi håpar at vårt engasjement for rekruttering og employer branding vil smitte over på dykk, og har derfor satt opp eit kurs i nettopp dette, med PwC som fasilitator.
I samarbeid med Framtidsfylket kjem det eit dagskurs med dette som tema. Meir info kjem rett etter sommaren.