Kva skal vi gjere i 2022 for å restarte reiselivet i regionen?
Korleis kan vi skape eit attraktivt og berekraftig reiseliv på Vestlandet? Korleis skal vi få våre målgrupper til å velja oss – heile året? Og korleis skal vi påverke dei til å bli her lenger og oppleve meir? Korleis jobbar vi med besøksforvaltning og korleis kan du jobbe endå meir med berekraft i di eiga verksemd?
Saman med Vestland fylkeskommune, Visit Fjordkysten, Visit Nordfjord, Visit Sunnfjord og Visit Sognefjord inviterer Fjord Norge til kick off for 2022.
Bli med på ein tettpakka dag med inspirasjon, innsikt og dialog – og masse gjensynsglede! Så hald av dagen!
Stad: Thon Hotel Jølster
Dato: 09. november kl. 10-17
Pris: 565,- inkl. Lunsj
Meld deg på her
PROGRAM
10.00 Velkommen ved Vestland fylkeskommune
10.05 Slik bidreg vi til at reiselivet lukkast. Ved Endre Høgalmen, seksjonssjef, Vestland fylkeskommune
10.20 Attraktivt og berekraftig – vår veg som framtidsnæring for Vestlandet. Ved Stein Ove Rolland administrerande direktør i Fjord Norge
10.35 Samspel for vekst, utvikling og forvaltning. Korleis jobbar vi for ein vekst som er handterbar og ønskjeleg – og korleis legg vi til rette for godt vertskap for besøkande som kjem hit? Ved Reiselivssjefane Ståle Brandshaug, Marita Lindvik, Marita Solheim og Vidar Slettehaug
10.55 Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Knutholmen
11.10 Vekst og handteringsevne. Kvifor er besøksforvaltning så viktig? Marta Rongved, seniorrådgivar reiseliv, Vestland fylkeskommune
11.20 Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Jølstraholmen Camping
11.30-11.45 Kaffipause
11.45 Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Nes Gard
11.55 Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case frå Fjordkysten ved Comfort Hotel Victoria Florø
12.15 Restart – slik skal Vestlandet lukkast i 2022. Ved Britt Dalland, marknadsdirektør i Fjord Norge
12.40 -14.00 Lunsj og mingletid
Her er nokon av tema vi vil ha under parallelle sesjonar.
- Ny nettside og reiseplanlegger: Kva betyr dette for gjesten, for Vestlandet og for aktørane?
- Slik skriv du gode produkttekstar
- Dette etterspør turoperatørane
- Trender, mulegheiter og målgrupper
- Innovasjon Norge – støtteordningar
- «Alle korta på bordet!» Berekraft i praksis
- Derfor jobbar vi med merking av vår destinasjon som berekraftig reisemål og sånn er det implementert i Masterplan for Sogn som reisemål
15.50-16.00 kaffi/frukt
16.00 «Sofaprat» med næringsaktørar, destinasjonar, Fjord Norge og fylkeskommunen
16.35 Kva handlar det eigentleg om? Avslutning Fjord Norge ved Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Norge
Vi tek atterhald om endringar i programmet.