Merk deg talet 24 milliardar kroner – det er nemleg estimert omfang på investeringar i Sunnfjord i perioden 2016 – 2032.
Kva er drivkreftene bak desse investeringane? Det får du vite 25. mars; då presenterer vi rapporten Vekstregionen Sunnfjord, den mest omfattande analysen av aktiviteten i Sunnfjord nokon gong.
Resultata av nærings- og ringverknadsanalysen gjev god innsikt og set retning, og er også nyttige for alle som driv næring, bur og jobbar i Sunnfjord.
Og no kan du vere blant dei første som får høyre kva som skal til for å rigge oss for vidare vekst i framtida.
Tidspunkt: 25. mars kl. 09.00 – 12.00 (dørene opnar klokka 08.30)
Stad: Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord Hotel i Førde
Arrangementet er gratis.
Program:
Vekstregionen Sunnfjord
Presentasjon av Nærings- og ringverknadsanalyse v/ Jan Flølo og Gunn Merete Paulsen, PwC
Eit næringsliv rusta for framtida
v/ Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestlandet
Samarbeid og næringsutvikling: Korleis få det beste ut av kvarandre?
Panelsamtale med:
Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord kommune
Petter Sortland, ordførar i Høyanger kommune
Bård Sandal, avdelingsdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune
Terje Heggheim, påtroppande kommunedirektør i Sunnfjord kommune
Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling
Entreprenørskap og innovasjon: Nøkkelen til suksess og nytenking
Panelsamtale med:
Hugo Mølmesdal, Intin
Leif Arne Åsen, Åsen & Øvrelid
Arve Varden, Helse Førde
Finansiering av innovasjon: Kva krevst for å løfte Sunnfjord framover?
v/ Trond Teigene, Sparebanken Sogn & Fjordane
Førde framover: Som arbeidsplass, handelssenter, regionsenter og ein god plass å bu. Men kva skjer i sentrum etter klokka 17?
Panelsamtale med Geir Opseth (FINS) Pål Anders Kårstad (Peak Sunnfjord), Cecilie Grydeland Lundsholdt (Teater Vestland) og Kathe Arnesen (Rekrutteringsforum Sunnfjord)
Korleis skal vi fortelje folk om mogeleghetene som finst i Sunnfjord?
v/ Marie Havnen og Anne Mette Hjelle
I løpet av nokre få formiddagstimar vil du altså få:
- Innsikt – kva drivkrefter for investering og vekst har vi i Sunnfjord?
- Eit lokalt perspektiv på globale trendar
- Høyre om utfordringane som krev samarbeid
- Ein debatt om behovet for innovasjon, næringsattraktivitet og folk
Kva ventar du på? Meld deg på her.