Prosessen med ny næringsplan er i gang
Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord kommune startar no arbeidet med ein ny strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune.
Dette vil vere det viktigaste styringsverktyet for korleis Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord kommune prioriterer og arbeider dei neste 4 åra.
Målet er å ha ein ferdig vedteken plan våren 2023.
Skal vi lukkast med å vere relevante og nyttige for heile næringslivet i Sunnfjord treng vi innspel frå dykk til denne planen. Vi kjem difor til å arrangere fleire samlingar og treffpunkt – meir info om dette kommer litt seinare.
Fristen for høyringsinnspel er 22. november 2022.
Her kan du lese meir om planprogrammet og korleis du kan sende inn innspel.
Vi ser fram til eit godt samarbeid med næringlivet i arbeidet gjennom vinteren!
Her er våre forslag til strategiske retningar for fornying og vekst:
Næringsattraktiv kommune – kommunen og Sunnfjord Utvikling har ei viktig rolle i å vere ein aktiv samarbeidspart for næringslivet og innbyggjarane
Styrka samarbeid i regionen – for å få til større satsingar må næringslivet og kommunane i regionen samarbeide tett, målretta og strukturert
Naturen som ressurs for grøn næringsutvikling – Sunnfjord har store naturressursar, fornybar energi, areal og mineral, og eit landbruk som byr på opplevingar i reiseliv. Berekraftig bruk av desse i kombinasjon med gode lokale kompetansemiljø, gir store utviklingsmoglegheiter inn i ei tid der dette er nøkkelressursar i grøn næringutvikling og grøn omstilling
Entreprenørskap og innovasjon – Sunnfjord har lang tradisjon for entreprenørskap, godt samarbeid i næringslivet, og klynger som samlar ulike fagmiljø.
Rekruttering og attraktivitet – med Førde som regionsenter har vi ein motor for urbanisering, og tiltrekking av arbeidskraft.
Våre særskilde fortrinn er:
- Naturen som ressurs for næringsutvikling
- Entreprenørskap og innovasjon
- Førde som regionsenter
Vi skal styrke grunnmuren for næringsutvikling ved å:
- Styrke arbeidet med å vere ein næringsattraktiv kommune
- Styrke samarbeidet i regionen