Fredag 25. mars 2022 var folk, fart og framtid på agendaen då vi lanserte rapporten «Vekstregionen Sunnfjord».

Visste du at 24 milliardar kroner er estimert omfang på investeringar i Sunnfjord i perioden 2016 – 2032?  Kva er drivkreftene bak desse investeringane? Korleis kan vi rigge oss for vidare vekst framover, og kva utfordringar må vi løyse? Det var nokre av temaene som vart diskutert på lanseringa.

Resultata av nærings- og ringverknadsanalysen gjev god innsikt og set retning, og er også nyttige for alle som driv næring, bur og jobbar i Sunnfjord.

Vi oppmodar alle som ynskjer å bidra til å utvikle Sunnfjord og regionen vidare til å dykke ned i denne rapporten.

Den gjev god innsikt og peikar på nokre viktige retningar for vekst og utvikling. Alle kan bidra, og skal vi lukkast alle bidra!

Rapporten Vekstregionen Sunnfjord kan lastast ned her.

Har du innspel og tilbakemeldingar på det vidare arbeidet med å styrke buattraktivitet og næringsutvikling i Sunnfjord, så ta kontakt med Sunnfjord Utvikling ved prosjektleiar Bente Hauge på bente.hauge@sunnfjord.no eller tlf. 952 61 359.

Gjennom Landbrukskonferansen ønskja Sunnfjord kommune, Sunnfjord utvikling og Førde vidaregåande skule å legge til rette for vekst og utvikling i landbruket og tilleggsnæringane. Konferansen samla 108 deltakarar som fekk ein tettpakka dag med inspirasjon og kunnskap.

Konferansen viser at det er eit bredt spekter av moglegheiter innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. Ved å jobbe tverrfagleg og samarbeide på tvers av bransjar kan ein skape gode løysingar som både ivaretek miljøet og gjev økonomisk bærekraft.  Deltakarane fekk sjå korleis produksjon av lokalmat og turisme kan bidra til å skape arbeidsplassar og auka verdiskaping i regionen, samtidig som det kan vere ein måte å formidle historie og verdiar om lokalt landbruk til besøkande.

 

Det er tydleg at det er eit stort engasjement for landbruket i regionen. Det er viktig å fortsette å jobbe for å styrke og utvikle bransjen slik at den kan vere ein berekraftig og attraktiv næring også i framtida.

Konferansen var ein viktig del av kommunen sitt arbeid med ny plan for landbruk og Sunnfjord utvikling sitt arbeid med ny strategisk næringsplan.