I samband med «Grøn region Fjordane» arbeider Sunnfjord Utvikling for å bidra til omstilling i det lokale næringslivet. Kurset “Praktisk berekraft” skal bidra til at bedrifter meir effektivt skal kome i gang og lukkast med berekraft i tråd med nye krav og forventningar. Det vil styrke selskapet si konkurransekraft.

Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Ta gjerne med styreleiar.

 

Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar:

-Eg likte at det var enkelt, praktisk og effektivt. Det betyr mykje i ein hektisk kvardag!

-Vi sit att med nødvendig kunnskap som vi treng og oversikt som vi mangla.

-Kurset og workshopen motiverte oss! Vi forstår no betre kva berekraft går i.

 

Etter gode tilbakemeldingar frå deltakarane køyrer vi no ein ny runde med modul 1. Dette er gratis for alle som ynskjer å delta. Bedriftene blir invitert til dette grunnleggande kurset som steg ein. Les meir om prosjektet og meld deg på her.  

 

Sunnfjord Utvikling tok i 2019 initiativ til eit prosjekt som skal sørge for at den fantastiske veksten vi har i næringslivet vårt kan halde fram, utan at mangel på arbeidskraft begrensar oss.

Gjennom Rekrutteringsforum Sunnfjord samlar vi kreftene i kampen om kandidatane. Rekrutteringsforumet skal gjennom eit breitt samarbeid bidra til at lokale og regionale selskap sine behov for arbeidskraft vert tilfredsstilt. Dette skal vi gjere både gjennom å hjelpe enkeltbedrifter med konkrete rekrutteringsoppgåver når dei treng det, og gjennom å koordinere og samordne felles rekrutteringsaktivitetar for heile regionen

Kartlegge, tiltrekke og behalde
Prosjektet skal ikkje utelukkande fokusere på rekruttering, men òg drive kartlegging av kva kompetanse næringslivet i regionen har behov for, samt å finne fram til og tiltrekke dei rette kandidatane. Å bidra til tiltak for å halde på dei gode kandidatane i Sunnfjord, er og ei viktig oppgåve,

Rekrutteringsforum Sunnfjord er avhengig av at både det offentlege og det lokale næringslivet involverer seg for å oppnå måla vi har sett oss. Involvering skjer gjennom medlemskap og deltagelse i felles prosjekt, aktivitetar og kampanjar om ein ynskjer det.

Så langt har 19 verksemder slutta seg til prosjektet, men vi ynskjer at enda fleire, både små og store, blir med. Verksemdene i Sunnfjord må trekke i same retning om vi skal lukkast!

“Rekrutteringsforum Sunnfjord har vore ein god sparringpartner i rekrutteringsarbeidet og har også tatt jobben som hodejeger på jakt etter kandidatar vi har hatt på blokka vår. Dette har opna fleire dører for oss og sikra ein god dialog med spennande kandidatar”

– Kenneth Nakken Angedal, Nordic Mining

Kva betyr det å vere medlem?
Gjennom medlemskap i Rekrutteringsforum Sunnfjord bidreg di verksemd til eit viktig prosjekt som jobbar for at næringslivet i heile Sunnfjord har tilgang på den kompetansen dei treng. I tillegg får dykk òg hjelp til eigne rekrutteringsaktivitetar, samt tilgang til rekrutteringsrelaterte kurs og arrangement i regi av forumet.

Utover dette får alle medlemsbedriftene tilgang på ein kompetent prosjektleiar som fyller dagane sine utelukkande med fokus på å tiltrekke, rekruttere og behalde arbeidskraft i regionen. Vår prosjektleiar er ein god sparringpartner og kan bistå i dine rekrutteringsprosessar når du måtte trenge det.

Problemet med tilgang på arbeidskraft er ikkje unikt for Sunnfjord, men løysinga er unik. Saman blir vi drivande gode, og saman skal vi vinne kampen om dei beste kandidatane!

Interessert i å bli medlem, eller å høyre meir om kva vi kan hjelpe deg med? Ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller tlf. 98 88 36 88. Abonner gjerne også på nyheitsbrevet vår, anten du blir medlem eller ikkje:

Foto: Sverre Hjørnevik
Foto: Sverre Hjørnevik

Sunnfjord Utvikling har i 2024 fått tilskot frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga til å jobbe med å vidareutvikle landbruksnæringa.

I dag, meir enn nokon gang, er det viktig å sette fokus på kva moglegheiter som eksisterer i næringa og synleggjere kor viktig landbruket er for regionen, og landet vårt for øvrig. Sunnfjord utvikling jobbar for at Sunnfjord kommune skal utvikle sin posisjon som største landbrukskommune i Vestland og styrke landbruksnæringa i heile Sunnfjord. Sunnfjord har eit stort potensiale innan både basisproduksjonar og tilleggsnæring, i tillegg har vi naturbrukslinja på Mo. Alt ligg til rette for at Sunnfjord kan få ein styrka basisproduksjon og eit mangfald av tilleggsnæringar. Vi er også i ein posisjon der vi kan bli leiande innan forsking og innovasjon knytt til berekraftig matproduksjon, klimaomstilling, bruk av restmassar og industrielle symbiosar,. Landbruket gjev arbeidsplassar, direkte knytt til gardsbruka og indirekte i næringsmiddelindustri og leverandørverksemder.

For å få til vekst i næringa er vi avhengig av gode lokale kompetansemiljø. I dette prosjektet skal vi leggje til rette for møteplassar, kompetanseheving, og deling av kunnskap og erfaringar. Vi skal sette i gang å kartlegge kva tilleggsnæringar vi allereie har i regionen, samt leggje til rette for at nye kan få utvikle seg. Vi skal lage mindre møteplassar ute i distrikta, og ein større møteplass i form av ein landbrukskonferanse som går over to dagar. Denne blir arrangert i løpet av April 2024.

Strategisk næringsplan Sunnfjord kommune 2024–2027 blir lagt ut på høyring med frist for innspel 17. januar 2024.

Du finn planen her