Innovasjonsveka Sunnfjord 2023: Ei feiring av innovasjon og nytenking
Frå 17. til 19. september samla Innovasjonsveka Sunnfjord rundt 300 deltakarar til fire spanande arrangement. Med tema som industriinnovasjon, teknologiinnovasjon, kultur- og opplevingsinnovasjon, og helseforsking, blei det sett søkelys på korleis ulike næringar i regionen vår jobbar med innovative prosjekt og satsingar som når ut over Norge sine landegrenser.
Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling, saman med bedrifter som Atea, Hellenes Yards, Norec, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, skapte ei plattform for kunnskapsdeling og nettverksbygging. Innovasjonsveka gav deltakarane høve til å utforske nye idear, lære om nye teknologiar og knyte verdifulle kontaktar.
Årets tema, «Sunnfjord i verda», fokuserte på korleis små aktørar frå regionen kan jobbe innovativt for å nå ein internasjonal marknad. Gjennom inspirerande føredrag og diskusjonar blei det tydeleg at Sunnfjord har eit stort potensial for å markere seg globalt. Bedrifter som blant anna Helinor, Intin, Tibber, Goodtech, Teater Vestland og Førdefestivalen viste fram korleis dei kombinerer tradisjon og innovasjon for å utvikle nye løysingar.
Vårt mål er at Innovasjonsveka Sunnfjord skal etablere seg som ein viktig møteplass for næringslivet, der idear og kreative løysingar kan møtast for å byggje framtidas næringsliv – både lokalt og internasjonalt, og ein møteplass for mannen og kvinna i gata som er nyskjerrige på dei ulike bransjane.
Sjå filmar frå dei ulike arrangementa her: