Vil du jobbe som prosjektleiar i Sunnfjord Utvikling AS?
Sunnfjordregionen er i vekst og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra i spennande utviklingsprosjekt som har stor betydning for næringslivet og regionen som heilskap. Sunnfjord Utvikling søkjer prosjektleiar til å utvikle prosjekt og satsingar knytt til regionen sine moglegheiter innan grøn omstilling, industri, sirkulærøkonomi og mineral. Prosjektleiar vil også ha ansvar for å assistere dagleg leiar i driftsoppgåver.
Arbeidsoppgåver:
- Legge til rette for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv
- Bidra til å identifisere strategiske satsingar for næringsutvikling i regionen vår
- Starte opp og leie ulike prosjekt som bidreg til vekst i regionen
- Samarbeide med næringslivet og relevante samfunnsaktørar om utviklingsprosjekt
- Ha oversikt over verkemiddelapparatet og finansieringskjelder for utviklingsprosjekt
- Ha ei rådgjevande rolle i ulike prosjekt og mot enkelt bedrifter
- Assistere dagleg leiar med leiaroppgåver ved behov
Dette søker vi etter:
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes økonomi, samfunnsvitskap, innovasjon/entreprenørskap
- Relevant arbeidserfaring, helst innan tilrettelegging for industri og grøne satsingar
- Leiarefaring tel positivt
- Erfaring med prosjektleiing/prosjektarbeid
- Utadvendt og med gode samarbeidsevner
- Engasjert og med ønskje om å bidra til vekst i regionen
- Gjerne erfaring frå bedriftsrådgjeving og sakshandsaming
- Strukturert og sjølvgåande
Arbeidsstad Peak Sunnfjord.
Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med dagleg leiar Gunhild Berge Stang på mobil 97653785.
Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til dagleg leiar Gunhild Berge Stang: Gunhild.Berge.Stang@Sunnfjord.no
Søknadsfrist: 28. november 2024.
Om Sunnfjord Utvikling AS
Sunnfjord Utvikling er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og næringslivet. Føremålet vårt er å bidra til ei positiv utvikling i Sunnfjordegionen gjennom å satse på regionen sine fortrinn og moglegheiter. Dette gjere vi gjennom strategiske satsingar for å styrke regionen sin attraktivitet, bidra i arbeidet med å trekke til oss næringsliv og industri, og stimulere til grunderskap.