Ny avtale for lokale bedrifter: Vil bruke restmasse frå mineralutvinning til berekraftig betongproduksjon
Nordic Mining, Cemonite, Førde Sementvare og Hub for Minerals har inngått eit samarbeid for å utforske kommersielle moglegheiter ved bruk av restmasser frå mineralutvinning i betongproduksjon. Dette initiativet har som mål å redusere CO2-utslepp og fremje ei meir berekraftig verdikjede for betongproduksjon, samtidig som ein reduserer behovet for deponi.
Prosjektet vil utnytte restmasser gjennom industriell symbiose. Restmasse frå oppredningsanlegget på Engebø inngår som råvare som med ny teknologi kan brukast for å utvikle ein ny type betong med vesentleg lågare miljøavtrykk.
- Prosjektet treff kjernen av det vi ønskjer å oppnå med Hub for Minerals, seier prosjektleiar Gunhild Berge Stang og Heidi Gaustad frå Grønn Region Vestland. Dette vil bidra til at vi byggjer ny kunnskap knytt til restmineral, først lokalt på Engebø, men også for ny framtidig mineralverksemd. Det støtter målet vårt om at mineralnæringa skal bidra til lokal og regional verdiskaping, og skape nasjonale ringverknader.
- Dette prosjektet er viktig for oss, seier Kenneth Nakken Angedal, dagleg leiar i Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining). Det gir oss moglegheit til å utnytte restmasser på ein innovativ måte og samtidig redusere miljøavtrykket vårt. Ved å samarbeide med leiande aktørar innan betongproduksjon, kan vi bidra til å utvikle berekraftige løysingar.
- Vi har alltid som mål å produsere betongelement på ein smartare og meir miljøvennleg måte, seier dagleg leiar Kristian Mannebrekke i Førde Sementvare. Dette samarbeidet er heilt i tråd med visjonen vår, og det er viktig for oss å vere med på eit slikt prosjekt.
- Dette samarbeidet er eit stort steg mot ei grønare framtid for betongproduksjon i Norge, seier Espen Lea, dagleg leiar i Cemonite. Ved å bruke restmasser som ein ressurs, kan vi redusere karbonutsleppa og skape ei ny, grønare verdikjede.
For kommentarar eller ytterlegare informasjon, kontakt:
Gunhild Berge Stang, Hub for Minerals
Tlf: 976 53 785
E-post: gunhild.berge.stang@sunnfjord.no