Søk støtte til næringsutvikling i Sunnfjord – 2 millionar kroner i potten
Har du ein idé som kan skape verdi i Sunnfjord? Sunnfjord utvikling lyser no utfrå tre næringsfond med ein samla pott på om lag 2 millionar kroner. Målet er å styrkje næringsutvikling, sysselsetting og lokalsamfunn i kommunen.
• Næringsfondet gjeld heile Sunnfjord kommune.
• Gaularfondet og Jølstrafondet er retta mot initiativ i dei tidlegare kommunane Gaular og Jølster.
VI ynskjer gründarar, etablerte verksemder, og initiativ for lokalsamfunnsutvikling – store som små, velkomen til å søkje. Har du ein god idé for ny næring, vidareutvikling, eller aktivitet som styrkjer bygda di, vil vi gjerne høyre frå deg.
Fondsmidlane skal bidra til næringsutvikling, innovasjon og berekraftig.
Ta gjerne kontakt med Ørjan Stubhaug eller Astrid Marie for ein uforpliktande prat.
Meir informasjon om fonda og korleis du søkjer finn du på våre heimesider: https://www.sunnfjordutvikling.no
Kraftfonda i Gaular og Jølster
Søknadsfrist: 25. april 2025