Velkommen til folkemøte!

Stad: Bygstad skule

Tid: 1. februar kl. 18.00 – 21.00.

Tema: Bygstad i utvikling.

Kva er Bygstad sine styrkar og svakheiter? Korleis kan vi gjere tettstaden vår meir attraktiv i dag, i framtida og som ein del av den nye storkommunen?

Sunnfjord Utvikling har i lag med PwC kartlagt og analysert Bygstad som tettstad. På folkemøtet vil vi presentere dei interessante funna, og saman skal vi finne ut korleis vi kan utvikle tettstaden vidare i positiv retning.

Bygstad er kjent for gode kultur- og idrettsarrangement og sterk dugnadsand, men manglar dei daglege møteplassane. Korleis kan vi bli betre på marknadsføringa av bustadtomter? Kva moglegheiter gir Dalsfjorden med eiga cruisekai? Dette med meir skal vi diskutere denne kvelden.

Agenda

  • 18:00: Velkommen!

    Møteleiar Rolf Sanne-Gundersen ysnkjer velkommen

  • 18:05: Kva er status for arbeidet med nye storkommunen?

    Orientering og status ved Ole John Østenstad og Øystein Høyvik.

  • 18:20: Tettstadutvikling i Sunnfjord

    Presentasjon av prosjektet om tettstadutvikling i Sunnfjord

  • 18: 30: Presentasjon av no-situasjonen til Bygstad

    • Tenester og tilbod
    • Tilgjengelege bustad- og næringsareal
    • Folketalsutvikling
    • Styrkar og svakheiter
    • Kommentarar frå deltakarar i arbeidsgruppa
  • 19:15: Korleis organisere arbeidet med å utvikle Bygstad?

    – Gruppearbeid og innspel

    • Kva er dei tre viktigaste punkta for å utvikle Bygstad?
    • Korleis skal ein arbeide/ organisere dette arbeidet?
    • Korleis skape engasjement?
  • 21:00: Slutt.

Enkel servering.

Møt opp og påverk framtida til tettstaden din!