Velkommen til folkemøte!

Stad: Thon Hotel, Skei

Tid: 8. februar kl. 18.00 – 21.00

Tema: Skei i utvikling.

Kva er Skei sine styrkar og svakheiter? Korleis kan vi gjere tettstaden vår meir attraktiv i dag, i framtida og som ein del av den nye storkommunen?

Sunnfjord Utvikling har i lag med PwC kartlagt og analysert Skei som tettstad. På folkemøtet presenterer vi dei interessante funna, og saman skal vi finne ut korleis vi kan utvikle Skei vidare i positiv retning.

Skei er blant anna geografisk sentralt plassert og ein ideell møteplass, men er ikkje godt nok utnytta og kommunisert. Skei har også stort potensiale som turistattraksjon, korleis utnyttar vi fjell, vatn og bre? Dette og mykje meir skal vi diskutere denne kvelden.

Agenda

  • 18:00: Velkommen!

    Møteleiar Rolf Sanne-Gundersen ynskjer velkommen

  • 18:05: Kva er status for arbeidet med nye storkommunen?

    Orientering og status ved Ole John Østenstad og Øystein Høyvik.

  • 18:20: Tettstadutvikling i Sunnfjord

    Presentasjon av prosjektet om tettstadutvikling i Sunnfjord

  • 18: 30: Presentasjon av no-situasjonen til Skei

    • Tenester og tilbod
    • Tilgjengelege bustad- og næringsareal
    • Folketalsutvikling
    • Styrkar og svakheiter
    • Kommentarar frå deltakarar i arbeidsgruppa
  • 19:15: Korleis organisere arbeidet med å utvikle Skei?

    – Gruppearbeid og innspel

    • Kva er dei tre viktigaste punkta for å utvikle Skei?
    • Korleis organisere dette arbeidet?
    • Korleis skape engasjement?
  • 21:00: Slutt.

Enkel servering.

Møt opp og påverk framtida til tettstaden din!