,

No kan du kjøpe Travel like the locals-turar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i tillegg til Møre og Romsdal

Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport – spesielt ikkje viss du er turist i området. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentleg transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på fysiske utsalsstader.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengeleg for sal på ulike turistkontor og gjennom destinasjonsselskapa sine nettsider. Alle turar for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er og tilgjengeleg for bestilling på den felles nettsida www.tltl.no. For Møre og Romsdal er det førebels ei eiga side, www.fram.no/travel, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.

Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar.

Med salsklare destinasjonsselskap og turistkontor rundt om på Vestlandet og felles nettside på plass, er vi no klare for ein spanande første sesong med Travel like the locals i alle dei fire vestlandsfylka!

 

«Travel like the locals» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

 

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen, e-post marit.holen@mrfylke.no. mobil 975 44 525.