Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord
I dag vart det kjent kva slags bedrifter som får til saman 1,25 milliardar kroner frå Forskningsrådet. Totalt kom det inn 352 søknader frå selskap i alle fylke.
Sunnfjord Utvikling AS er mellom dei selskapa som får 2,5 millionar kroner til eit prosjekt som har namnet Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord.
Kulturturisme er ein internasjonal trend i sterk vekst, og Norge skal bli ein kulturdestinasjon innan 2030. Sunnfjord har potensiale for å utvikle seg som kulturdestinasjon. Her finst kulturopplevingar av høg kvalitet i form av kunst, musikk, teater og kulturarv. Likevel er det behov for at dei om lag 200 000 turistane som overnattar i Førde blir lenger, opplever meir og kjem på besøk heile året. Musea mottek høg statleg stønad per gjest, men har likevel for få besøkande. Overrislingseffektane av kulturarrangement på reiseliv og handelsnæring er låg. Handelsnæringa i Førde står sterkt, men omsetninga ligg likevel under snittet for landet. Eit velutvikla kulturtilbod er ein nøkkel til handelsvekst. Både innan kultur, reiseliv og handel i Sunnfjord ligg det altså eit uforløyst potensial for auka verdiskaping. Målet til prosjektet er å designe heilskaplege kundeopplevingar som bidreg til berekraftig verdiskaping på tvers av tre sektorar.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Sunnfjord Utvikling AS. I tillegg har vi henta inn desse aktørane;
Elvetorget, Musea i Sogn og Fjordane, Førdefestivalen, Førde Gjestehus og Camping, Jølstraholmen, Jølstramuseet, Scandic Sunnfjord Hotel, Sogn og Fjordane Teater, HVL, Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster.
Rolf og gjengen hans i Sunnfjord Utvikling er gledeleg overraska over at vi kom gjennom nålauget til Forskningsrådet. Kompetansen og kunnskapen til Vestlandsforsking i å søkje og byggje eit prosjekt har vore avgjerande. I tillegg var det veldig kjekt og avgjerande at bedriftene vil vere med i det vi ser på som ei storsating på kultur og reiseliv i Sunnfjord. Vi har mange kvalitetar i Sunnfjord, men vi har også eit stort potensiale for fleire turistar og betre utnytting av den infrastrukturen vi har i form av kultur, musea, handel, overnattingsbedrifter med meir.