Til alle næringsdrivande i Sunnfjord
Verda har på mange måter stoppa opp på grunn av eit virus. Liv og helse er det viktigaste og derfor har styresmaktene sentralt og lokalt no sett i verk strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dette er heilt nødvendig og bra.
Men det har fått og vil få store konsekvensar for næringslivet. Allereie før helga vart dei første permitteringsvarsla sendt ut, og allereie no er det klart at reiselivsbransjen, handelsnæringa, serveringsbedrifter, oppstartsselskap og andre næringar vil få alvorlege utfordringar i tida framover.
Før helga helga kom Regjeringa med første del av «redningspakken». Verdas rikaste land har økonomiske musklar til å bidra i ei vanskeleg tid. No blir det jobba på spreng med å sjå på andre tiltak som kan berge utsette næringar.
Sjølvsagt vil permitteringsvarsel til 10.000 tilsette i SAS, krisa i Norwegian og den alvorlege situasjonen i andre profilerte og store selskap prege nyheitsbildet. Men også selskap lokalt treng hjelp. Små og mellomstore selskap som er livsviktige for distrikta. Viktige arbeidsplassar. Derfor er det viktig at vi også kjem med innspel til løysingar.
Allereie i helga har eg vore i kontakt med selskap som har peikt på kva vi treng her ute for å kome over kneika. Kva slags konkrete tiltak som er viktige. Dette blir spelt vidare til dei rette personane i politikken og i embetsverket.
Ta kontakt med oss dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon.
Helsing Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling. Tlf 97055208 eller rolf@sunnfjord.no