Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, runde 2
Er di bedrift særleg hardt ramma av smitteverntiltak? Og har den falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane?
Nasjonal notifisert ordning
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i tråd med prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien, fordelt ekstra midlar til kommunane for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er ramma av Covid-19-pandemien. Det er overført nye kr 3.207.000 til Sunnfjord kommune.
MÃ¥l for ordninga
Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.
Tilskotet kan dekke
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:
a) Har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
b) Har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
c) Har tap av varer pga. Covid-19-pandemien
MÃ¥lgruppe for den nasjonalt notifiserte ordninga
Følgjande næringar skal prioriterast i følgjande rekkefølge:
a) Overnatting, arrangement og serveringsstader
b) Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet
c) Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
Storleik på tilskotet
a) Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for
b) Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 per bedrift
c) Dersom sum omsøkte midlar overstig ramma vil ein tildele støtte til bedrifter etter følgjande prioritering:
-
- Bedrifter i målgruppa som ikkje har fått midlar i runde 1 eller frå andre nasjonale støtteordningar
- Bedrifter i målgruppa med omsetning over 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020
- Bedrifter i målgruppa med omsetning under 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020
Krav til søkarane
a) Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
b) Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
c) Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
d) Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
e) Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla
f) Krav til dokumentasjon av kostnader og tap. Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt
g) Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune»
Søknadsfrist er 01. juni 2021.
Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som “kommunal kompensasjonsordning, nasjonal notifisert ordning Sunnfjord kommune”.
Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.
For meir informasjon, kontakt:
Rådgjevar Tuva Eide                  tuva.eide@sunnfjord.no           90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge     bente.hauge@sunnfjord.no    95 26 13 59