Ny næringsstrategi for Vestlandet
Vestlandsrådet presenterar førebels næringsstrategi på eit webinar 10. juni 10.00-11.30, og dei vil gjerne ha di tilbakemelding på strategien.
Vestlandsrådet er Vestlandet si felles stemme. Målet med arbeidet er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv.
Webinaret er i samarbeid med næringsforeiningar på Vestlandet.
Agenda:
- Velkommen v/ Per Vidar Kjølmoen, Fylkesvaraordfører Møre og Romsdal
- Betydninga av eit sterkt samarbeid på Vestlandet, v/ sjeføkonom Kyrre Knudsen i SR-bank
- Strategisk analyse, PwC
- Strategiar, v/Per Vidar Kjølmoen
- Spørsmål og innspel
Her kan du lese strategien, så du kan gjere deg opp ei meining på førehand, eller gi innspel via lenka under; Næringsstrategi Vestland (pdf).