Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte på Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.
Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:
Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»
- Profileringsprosjekt
- Mineralinkubator
- Sunnfjord Innovasjonsarena AS
- Nye prosjekt for grøn omstilling
- Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
- Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
- Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
- Nasjonalt senter for yrkesfag
- Tilleggsnæring landbruk
- Remote Sunnfjord og rekruttering
- Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
- Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40
Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel
Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.
Det vil bli servert kaffi med noko attåt.
Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular
Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!