Sunnfjord kommune og Sunnfjord Utvikling arbeider for tida med utkast til ny næringsplan for Sunnfjord. Denne planen skal legge premissane for korleis vi skal prioritere i næringsarbeidet framover. Vi starta planprosessen hausten 22 med opne møter i Førde, Skei, Sande og Naustdal.
I februar vedtok Sunnfjord kommune ei planprogram som slår fast kva som skal vere satsingsområda i næringsplanen, dette byggjer på dei tilbakemeldingane næringslivet gav oss gjennom nærings-og ringverknadsanalysen.
No jobbar vi med sjølve planen som skal konkretisere kva tiltak som skal prioriterast innanfor satsingsområda.
Før vi sender planen ut på høyring, ønskjer vi å drøfte eit utkast med sentrale aktørar for næringsliv, organisasjonar og institusjonar i kommunen. Sidan denne planen blir styrande for korleis Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord kommune skal jobbe for næringslivet, så er det svært viktig at planen speglar næringslivet sine behov.
Vi serverer pizza!