“Folkens, no går det framover her!”
Det skreiv heimflyttaren Solveig Peersen i eit lesarinnlegg i Firda. Dette tyder på at vi er på sporet av noko som verkar, så la oss ikkje sleppe opp på gassen no!
Vi i Sunnfjord Utvikling har gjennom prosjektet Rekrutteringsforum Sunnfjord dei siste tre åra gjennomført ei rekke rekrutteringstiltak; Remote Sunnfjord, Elevate karrierefestival, U40 og O40, rekrutteringshjelp til bedrifter m.m.
No ønskjer vi å presentere resultata av prosjektet og diskutere korleis vi skal jobbe vidare for å tiltrekke oss – og behalde – endå meir av den viktige kompetansen næringslivet treng i åra som kjem.
Stad: Scandic Hotel Sunnfjord
Tid: 31. oktober kl. 08.00 – 10.00
Det vil bli servert frukost og kaffi, og det er gratis å delta. Påmeldingsfrist: Fredag 27. oktober kl. 14.00.
Næringslivet i Sunnfjord blomstrar, men kampen om kompetansen vil tilspisse seg enda meir framover.
Sunnfjord Utvikling inviterer deg og di bedrift til å komme med tilbakemeldingar på kva næringslivet ynskjer at ei framtidig satsing skal fokusere på, samt diskutere korleis vi kan samlast om ei felles satsing på rekruttering i åra som kjem.
Flat pedal på vegen mot å tiltrekke seg rett kompetanse er krevjande over lang tid. No vil Sunnfjord Utvikling jobbe vidare i samarbeid med næringslivet for å klare dette.