,

Bli med på folkefest i “nye” Sentrum Sør

Etter mykje graving og steinlegging i lang tid er det no endeleg klart for opninga av «nye» Sentrum Sør.

Frå torsdag 19. til laurdag 21. september inviterer vi heile Førde til å delta på ein stor og inkluderande folkefest. Her blir det aktivitetar for både store og små, og vi ynskjer å samle folk frå heile for å feire opninga og vise kor fint det har blitt. Du kjem vel?

Klikk for å sjå heile programmet – her ser du kva som skjer dei ulike dagane, samt tidspunkta.

Torsdag 19. september: Offisiell opning
Festdagane startar torsdag med den offisielle opninga av E39 og torgplassane klokka 16.30, etter at området har vore under oppgradering i lengre tid. Ordførar Jenny Følling står for snorklippinga, og det lokale rockebandet DRUSAR slår an tonen med ein forrykande konsert.

Fredag 20. september: Ta middagen i Sentrum Sør
Start helga med å nyte middagen i Sentrum Sør, der spisestadene Kardemomme, Thaikroa, Pikant og Trapp Ned serverer god mat både inne og ute. Programmet starter klokka 16.15 denne dagen, og det blir alt frå klovneshow til inspirerande foredrag med psykologspesialist Solbjørg Hanitz, som snakkar om korleis ein kan takle stress i kvardagen.

For dei aktive blir det gratis spinning på Spenst, og du kan prøve ein elsykkel eller bytte klede du ikkje brukar lenger. Som ein ekstra bonus blir det også ein gratis minikonsert med Born in Sunnfjord, før kvelden rundast av med etterfest på Pikant med DJ nede og karaoke oppe.

Laurdag 21. september: Familiedag i Sentrum Sør
Laurdagen er sett av til familiedag, med eit vell av aktivitetar som vil halde både born og vaksne underhaldne. Klovnen Opsi! kjem og lagar liv i gatene, medan trial sykkelshowet MOOW viser imponerande triks.

På laurdag kan du sjå sykkelshow med trial-sykkel. På biletet: Joachim Skjævestad. Foto: Gaute Ulltang

Barna kan ta med seg eigne leiker og bytte dei med andre, eller delta i sykkelhinderløypa på brua (dei som vil prøve hinderløypa må ha med eigen sykkel og hjelm. Oppmøte ved Rådhuset, sjå program for tidspunkt.). Yoga- og crossfit-entusiastar får også høve til å prøve seg på gratis timar, medan serveringsstadene og marknadsbuene står klare til å tilby alt frå mat til pynteting og gåver.

Ta del i folkefesten!
Disse dagane kan du utforske nye Sentrum Sør, oppleve fellesskapen i byen og delta i ei feiring som sett fokus på både gode opplevingar og å nytte det fine byrommet vi har fått.

Vi vil skape liv og røre i denne delen av Førde og vise fram alle dei nye moglegheitene området har å by på. Folkefesten er open for alle, og vi ynskjer at du tek med deg familie, vener og naboar for å gjere denne opninga til ei minnerik helg for heile byen.

Velkomen til folkefest – velkomen til nye Sentrum Sør!

NB: Det er begrensa tal plassar på foredraget og aktivitetane til Spenst – hugs å melde deg på via spenstforde.no.

Hugs at brua er stengt disse dagene, og at deler eller heile parkeringsplassen utanfor Peak Sunnfjord kan bli stengt. Parker difor gjerne på Festplassen.

Klikk for å sjå heile programmet – her ser du kva som skjer dei ulike dagane, samt tidspunkta.