Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Berekraftsrapportering i SMB

8. mai 2023 @ 13:00 - 15:00

Sparebanken Sogn og Fjordane og BDO inviterer lokalt næringsliv til kundeseminar mandag 8. mai.

Berekraft står i fokus på seminaret. Tema har vi valt med omhu. Vi ynskjer å gje gode råd om korleis krav til berekraftsrapportering treff di verksemd direkte og indirekte gjennom dine viktigaste interessentar.

For næringslivet treff berekraft stadig større del av kjerneverksemda. Spekteret er stort; frå strengare krav om rapportering og miljøstyring til forretningsutvikling og moglegheiter for auka konkurransekraft og lønsemd. Vi ynskjer med dette seminaret både å auke kunnskapen om korleis berekraftig utvikling treff SMB-selskap og korleis dette kan representere ei moglegheit for verksemda.

Program:

Introduksjon
Jan Inge Rygg, Partner, BDO 

Berekraftsrapportering i SMB og interessentperspektivet 
Per Kristian Høybråten, Manager, BDO 

Klimarisiko frå banken sin ståstad 
Roy Stian Farsund, Direktør bedriftsmarknad, og  Ingri Martine Fonn Macsik, ansvarleg for berekraft, Sparebanken Sogn og Fjordane

Sirkularitet og berekraft – kva forventningar og krav stillast til leverandørar
Erik Nilsen, Dagleg leiar, Veidekke Sirkulær AS 

Ein regional klimaplan – frå ord til klimahandling 
Ida-Beate Mølmesdal, Seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune 

Praktisk berekraft for små bedrifter (les meir om vårt prosjekt)
Bente Hauge, Sunnfjord Utvikling
Anne Mette Hjelle og Aud Ingrid Espeland, Ymsir

Spørsmål & svar 

 

Når seminardelen er over vil det bli informasjonstorg med stands frå føredragshaldarane

Enkel matservering.

Seminaret er gratis og passar for eigarar, den øvste leiinga, prosjektansvarlege, økonomiansvarlege og berekraftsansvarlege i små og mellomstore bedrifter.

Vel møtt!

Detaljer

Dato:
8. mai 2023
Tid
13:00 - 15:00
Hjemmeside:
https://www.bdo.no/nb-no/seminarer/20230425for

Sted

Scandic Sunnfjord hotell
Storehagen 2
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
8. mai 2023
Tid
13:00 - 15:00
Hjemmeside:
https://www.bdo.no/nb-no/seminarer/20230425for

Sted

Scandic Sunnfjord hotell
Storehagen 2
Førde, 6800 Norge
+ Google-kart