Finn ut kven du er i møte med andre
Norec inviterer til frukostmøte der du får bli kjent med deg sjølv og forstå deg sjølv i møte med andre.
Workshop: Bli betre kjent med Norec og deg sjølv.
Norec jobbar med prosjekt som kryssar landegrenser og kultur. Dei har erfart at det er viktig å kjenne seg sjølv for å kunne jobbe godt i lag med menneske som tenker annleis.
Vi startar dagen med frukost og ei kort orientering om Norec og korleis du kan skaffe deg internasjonal arbeidserfaring – gjennom våre partnarar eller via FN-systemet. Vidare brukar vi hovuddelen av workshopen på kartleggingsverktøyet «Diversity icebreaker». Her kartlegg vi din preferansestil for kommunikasjon, interaksjon og problemløysing. Vidare får du innsikt i korleis du kan bruke dette i teamarbeid.
Diversity Icebreaker er eit forskningsbasert team-verktøy som er laga for å gi sjølvinnsikt, skape nysgjerrigheit og bygge fellesskap og tillit i organisasjoner. Verktøyet er DNV-sertifisert. Les meir om det her.
Arrangementet er i Norec sine lokale i Fjellvegen 9 i Førde. Vi startar med frukost kl 08, programstart vert 08.15. Slutt 09.30. Påmelding innan 08.06.2023.