Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Karrieretur med PWC

7. juni 2023 @ 14:00 - 16:00

Bli kjent med PwC på tur

Frisk luft og nydeleg utsikt set ramma for ein avslappa bli kjent tur med PwC.

Kva er betre enn å oppleve ein ny plass saman med nye folk, samtidig som du utforskar karrieremoglegheitene i området? Bonus er nydeleg utsikt over store delar av Sunnfjord. Bli med PwC på KarriereTUR!

Hornnesfjellet

Turen går til Utsikten, Hornnesfjellet. Vi kombinerer tur til eit av dei beste utsiktspunkta i området med prat rundt dei mange moglegheitene i PwC. Frå PwC stiller rådgjevarar, juristar og økonomar, og dei er nysgjerrig på kven du er! På toppen nyt vi utsikta og kanskje har vi forfriskingar i sekken.

Praktisk info

Denne turen passar for alle. Kle deg etter véret, bruk gjerne tursko og ta med litt drikke til turen. Oppmøte utanfor Naustdalsvegen 1.