Kva vil det seie å ha yrke: politikar? Kan kven som helst bli det? Det skal vi finne ut under lunsj.
Lunsj & politikk
Yrke: Politikar – Kva gjer dei eigentleg? Kan kven som helst bli politikar? Kva driver dei eigentleg med? Bli med på lunsj i Førde Rådhus der du får møte nokre av toppolitikarane i Sunnfjord og høyre korleis det er å jobbe med politikk.
Du får møte:
- Jenny Følling (Senterpartiet), ordførar i Sunnfjord kommune
- Gunn Merete Paulsen (Venstre), medlem av Sunnfjord kommunestyre og formannskapet
- Anne Lilleåsen (Høgre), varaordførar i Sunnfjord kommune
- Henrik Nordal (Arbeidarpartiet), ordførarkandidat
Det blir servering av lunsj.