Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Ope informasjonsmøte i Sunnfjord Utvikling i Gaular!

15. november 2022 @ 19:00 - 21:00

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte på Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»

  • Profileringsprosjekt
  • Mineralinkubator
  • Sunnfjord Innovasjonsarena AS
  • Nye prosjekt for grøn omstilling
    • Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
    • Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
    • Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
  • Nasjonalt senter for yrkesfag
  • Tilleggsnæring landbruk
  • Remote Sunnfjord og rekruttering
  • Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
  • Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

Detaljer

Dato:
15. november 2022
Tid
19:00 - 21:00

Sted

Gamle kommunehuset på Sande
Sandevegen 155 6973 + Google-kart

Detaljer

Dato:
15. november 2022
Tid
19:00 - 21:00

Sted

Gamle kommunehuset på Sande
Sandevegen 155 6973 + Google-kart