Første fottur denne våren går til Viefjellet frå Soleide. Oppmøte ved parkeringsplassen på Soleide som ligg nesten i enden av vegen inn til Vie (har du gått gjennom grinda i enden er du kome litt for langt).
Turleiar denne dagen er Ingrid Flugsrud. DNT sine turleiarar er dyktige til å tilpasse turmål og tempo til turgruppa, så ikkje bekymre deg for det. Fellestur er sosialt og vi skal oppleve naturen ilag!
Det er ikkje behov for å melde seg på desse turane, men trykk gjerne deltek slik at turleiar får ei formeining om kor mange som vert med.