Sunnfjord kommune er i sjuande runde tildelt kr. 784.000 til kommunal kompensasjonsordning.
Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter. Midlane skal hjelpe lokalt næringsliv gjennom ein ny periode med inngripande koronatiltak.
Ordninga skal og fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane eller lønnsstøtteordninga. Kommunane er særleg bedt om å vurdere kompensasjonsbehovet i verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som bl.a. nystarta bedrifter.
Søknadsprosessen er enkel og tilskotet er i stor grad tillitsbasert. Nedanfor kan du lese meir om kriteria og prioritering for tildeling av støtte.
Mål for ordninga (lyst ut som nasjonal notifisert ordning):
Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.
Sunnfjord kommune har sett følgande kriterier for tildeling i runde 7:
Dette kan tilskotet dekke:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:
- har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
- har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
- har tap av varer pga. Covid-19-pandemien
Målgruppe for den 7. runden – kven kan søke
Bedrifter i bransjar med næringskode 55,56, 79, 93, 90 og 82.3, som kan dokumentere at dei har lidd eit økonomisk tap som følgje av nasjonale smittevernstiltak i perioden januar-februar 2022:
- Overnattingsverksemder, herunder hotell (næringskode 55)
- Serveringsverksemder, herunder restaurantar og barar (næringskode 56)
- Reisebyrå- og reisearrangørverksemder (næringskode 79)
- Sport og fritid (næringskode 93)
- Kunst og underholdning (næringskode 90)
- Kongress-, messe- og utstillingsvirksomhet (næringskode 82.3)
Viss det er verksemder som openbart driv innanfor desse næringskodane, men som av ulike årsaker er registert med ein anna næringskode i Brønnøysundregisteret, vil dette bli teke omsyn til i saksbehandlinga.
Verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som bl.a. nystarta bedrifter, vil bli særskilt vurdert og prioritert først i denne runden.
Storleik på tilskotet:
- Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 100.000 per bedrift
- Storleiken på tilskotet vil bli forholdsmessig vekta mot storleiken på tapet
- Prioriterte søknader vil kunne få ein større andel av tapet dekka
Krav til søkarane:
- Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
- Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
- Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
- For enkelmannsføretak må føretaket si inntekt vere minst ein av eigarane si hovudinntekt
- Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
- Verksemda må ikkje ha uteståande skattar og/eller avgifter
- Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020, 2021 og 2022, og korleis denne støtta er heimla (bagatellmessig støtte eller notifisert ordning). Inngår selskapet i eitt konsern må støtte på konsernnivå oppgjevast.
- Verksemda kan ikkje bli kompensert via andre ordningar for det tapet det vert søkt om støtte til gjennom denne ordninga. For eksempel kan ikkje verksemda motta støtte frå denne ordninga og andre covid-19 ordningar (som lønnsstøtte og den generelle komp.ordninga) som direkte eller indirekte dekkar dei same kostnadene for den same perioden. Verksemder som mottar lønnsstøtte kan framleis søke om å få dekka tap i omsetnad og øvrige ekstra kostnader som følgje av nedstenginga, men ikkje kostnader til lønn.
Krav til dokumentasjon
For å kvalifisere til støtte må følgande dokumentasjon leggast med som vedlegg til søknaden:
- Perioderekneskap per februar 2020
- Perioderekneskap per februar 2022
- Skatteattest RF 1316 (attest for skatt og meirverdiavgift) datert 31.03.22 eller seinare. Viser denne restansar må ein dokumentere utsettingsavtalar med Skatteetaten.
- Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020, 2021 og 2022, og korleis denne støtta er heimla (bagatellmessig støtte eller notifisert ordning). Inngår selskapet i eitt konsern må støtte på konsernnivå oppgjevast.
- Dokumentasjon av tap/kostnader i januar og februar 2022 attestert av rekneskapsførar, i form av
- Faktisk omsetningstap i januar og februar 2022. Omsetningstapet utgjer differansen mellom omsetning i perioden (januar og februar 2022) samanlikna med omsetning i januar og februar 2020. For nystarta verksemder er samanlikningstala budsjett for januar og februar 2022.
- Spesifikasjon av kostnader som er ein direkte konsekvens av smitteverntiltak og nedstenging i januar-februar 2022.
NB viktig: Dersom søkar ikkje innfrir dokumentasjonskrava innan søknadsfristen vil ikkje dokumentasjon bli etterspurt og søknaden vil bli avslegen.
For å sikre at stønaden ikkje fører til kompensasjon ut over lovlege rammer, må søkjar gje opp om verksemda tidlegare har motteke offentleg stønad, stønadsbeløp, under kva for regelverk/kva ordning stønaden er motteken og kva kostnadar som er dekka. Opplysningane er basert på tillit. Dersom søkjar gjev opp feil informasjon, risikerer søkjar at stønad må tilbakebetalast.
Søknad – frist 27. april 2022
- Regelverk for offentleg støtte gjeld, og midlane blir tildelt under den nasjonalt notifiserte ordninga.
- Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 7, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune». Der skal og eigenerklæring om offentleg støtte og eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskar fyllast ut.
For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:
- Sigrid Eikeland, e-post sigrid.sigrid.eikeland@sunnfjord.no, tlf 95 40 08 42
- Bente Hauge, e-post bente.hauge@sunnfjord.no, tlf 95 26 13 59
Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.