Vestlandsrådet presenterar førebels næringsstrategi på eit webinar 10. juni 10.00-11.30, og  dei vil gjerne ha di tilbakemelding på strategien.

Vestlandsrådet er Vestlandet si felles stemme. Målet med arbeidet er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv.

Webinaret er i samarbeid med næringsforeiningar på Vestlandet.

Agenda:

  • Velkommen v/ Per Vidar Kjølmoen, Fylkesvaraordfører Møre og Romsdal
  • Betydninga av eit sterkt samarbeid på Vestlandet, v/ sjeføkonom Kyrre Knudsen i SR-bank
  • Strategisk analyse, PwC
  •  Strategiar, v/Per Vidar Kjølmoen
  • Spørsmål og innspel

Her kan du lese strategien, så du kan gjere deg opp ei meining på førehand, eller gi innspel via lenka under; Næringsstrategi Vestland (pdf).

Klikk her for å gi dine innspel

Klikk her for påmelding til webinaret

Regjeringa har løyvd 850 millionar kroner til ein tilskotsordning for reiselivs-, event- og serveringsnæringane.

Pengane skal brukast til å gjennomføre prosjekt for naudsynt omstilling og ei meir hensiktsmessig tilpassing av den samla kapasiteten i næringane, og bygge opp under målet om størst mogeleg verdiskaping innanfor bærekraftige rammer. Det kan og bety omstilling til andre næringar, der ressursane kan nyttast betre.

Nytt i denne utlysinga er at heile serveringsnæringa kan søke. Søknader blir fortløpande behandla, men siste frist for innsending er 30. september 2021.

For meir informasjon om ordninga, sjå Innovasjon Norge si webside.

Dersom du vil ha ei nærare forklaring på kva ordninga går ut på, kan du følgje med på webinar i regi av Innovasjon Norge fredag 21. mai klokka 12.00-13.00.

Her kan du melde deg på webinaret.

Er di bedrift særleg hardt ramma av smitteverntiltak? Og har den falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane?

Nasjonal notifisert ordning
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i tråd med prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien, fordelt ekstra midlar til kommunane for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er ramma av Covid-19-pandemien. Det er overført nye kr 3.207.000 til Sunnfjord kommune.

Mål for ordninga
Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.

Tilskotet kan dekke
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:
a) Har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
b) Har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
c) Har tap av varer pga. Covid-19-pandemien

Målgruppe for den nasjonalt notifiserte ordninga
Følgjande næringar skal prioriterast i følgjande rekkefølge:
a) Overnatting, arrangement og serveringsstader
b) Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet
c) Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor dei generelle kompensasjonsordningane

Storleik på tilskotet
a) Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for
b) Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 per bedrift
c) Dersom sum omsøkte midlar overstig ramma vil ein tildele støtte til bedrifter etter følgjande prioritering:

    • Bedrifter i målgruppa som ikkje har fått midlar i runde 1 eller frå andre nasjonale støtteordningar
    • Bedrifter i målgruppa med omsetning over 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020
    • Bedrifter i målgruppa med omsetning under 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020

Krav til søkarane
a) Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
b) Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
c) Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
d) Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
e) Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla
f) Krav til dokumentasjon av kostnader og tap. Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt
g) Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune»

Søknadsfrist er 01. juni 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som “kommunal kompensasjonsordning, nasjonal notifisert ordning Sunnfjord kommune”.

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon, kontakt:
Rådgjevar Tuva Eide                                  tuva.eide@sunnfjord.no            90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge         bente.hauge@sunnfjord.no     95 26 13 59

 

Sunnfjordregionen er i vekst, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra i spennande utviklingsprosjekt som har stor betydning for næringslivet og regionen som heilskap.

Sunnfjord Utvikling AS søker difor etter to nye kollegaer: Ein forretningsutviklar/ prosjektleiar og ein rådgjevar. For begge stillingane er arbeidsstad Peak Sunnfjord, eit innovativt klyngemiljø med rundt 20 bedrifter og over 100 tilsette i sentrum sør i Førde.

Forretningsutviklar/prosjektleiar
Liker du å vere med der det skjer og er du ein pådrivar for nyskaping og vekst? Då er du kanskje vår nye forretningsutviklar/ prosjektleiar.

Arbeidsoppgåver:
• Legge til rette for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv

• Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear

• Identifisere muligheiter, starte opp og leie ulike prosjekt som bidreg til vekst i regionen

• Samarbeide med næringslivet og relevante samfunnsaktørar om utviklingsprosjekt

• Ha oversikt over verkemiddelapparatet og finansieringskjelder for utviklingsprosjekt

• Ha ei rådgjevande rolle i ulike prosjekt og mot enkeltbedrifter

Dette ser vi etter:
• Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå

• Relevant arbeidserfaring

• God forretningsforståing

• Erfaring med prosjektleiing/prosjektarbeid

• Ein person som er utadvendt, sjølvgåande og har gode samarbeidsevner

• Ein person som er engasjert og med ynskje om å bidra til vekst i regionen
_________________________________________________________________________________________________________________________________

Rådgjevar
Sunnfjord Utvikling har ansvar for førstelinjetenesta til Sunnfjord kommune. Vi skal hjelpe gründerar i etableringsfasen og legge til rette for ny aktivitet i eksisterande næringsliv. Vi har og forvaltningsansvaret for det kommunale næringsfondet. Vi treng ein rådgjevar som kan ta ansvar for sakshandsaming, etableraroppfølging og rådgjeving, og som kan bidra inn i ulike utviklingsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:
• Vere rådgjevar for etablerarar og vekstbedrifter

• Sakshandsaming knytt til kommunalt næringsfond og andre offentlege midlar

• Sekretariatsoppgåver for ulike utval

• Delta i ulike prosjekt relatert til utvikling i regionen

Dette ser vi etter:
• Utdanning innan økonomi, innovasjon/entreprenørskap e.l.

• Gjerne erfaring frå bedriftsrådgjeving og sakshandsaming

• Ein person som er engasjert, strukturert og sjølvstendig

Har du spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med konstituert dagleg leiar Bente Hauge på tlf. 95 26 13 59 eller bente.hauge@sunnfjord.no.

Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til kathe.arnesen@sunnfjord.no

Søknadsfrist: 24. mai 2021.

 

Sidan starten av 2020  har Innovasjon Norge jobba med ny nasjonal reiselivsstrategi på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

I arbeidet med strategien har ein teke utgangspunkt i viktige muligheiter og utfordringar i reiselivet i dag. Resultatet blei mange gode forslag til nye løysingar, og tiltak for eit meir lønnsamt og bærekraftig norsk reiseliv.

Den 6. mai skal reiselivsdirektør Bente Bratland Holm overlevera strategien til næringsminister Iselin Nybø, og etterpå vert innhaldet i strategien lagt fram.

Lenke til arrangementet kjem etterkvart på denne sida hjå Innovasjon Norge – der finn du og litt meir informasjon om arbeidet med strategien.

Interessa for toppturar på ski er aukande, både blant nordmenn og internasjonalt, og difor inviterer Innovasjon Noreg til  webinar torsdag 27. mai om nettopp toppturar på ski.

Webinaret er særs aktuelt for alle norske reiselivsbedrifter som marknadsfører eller sel toppturar – kanskje det er noko di bedrift burde melde seg på?

Webinaret er gratis, og kjem til å ta føre seg blant anna dette:

  • Status og situasjonsrapport for toppturtilbudet i Noreg
  • Marknadane sitt syn på Noreg som toppturdestinasjon
  • Produktutvikling av toppturar på ski
  • Risiko og tryggleik for aktivitetsbedrifter
  • ​Guiden si rolle

Det vil bli ein blanding av foredrag og diskusjon samt nokre eksempel på tilbod innanfor dette segmentet.

Les meir og meld deg på her.

Sunnfjord Utvikling har inngått eit samarbeid med Kunnskapsparken Vestland, der vi dekker 50% av kostnadene til bedrifter i Sunnfjord kommune som ynskjer å vere med på Vekstprogrammet 2021.

Dette er eit program der du vil få “hjelp til sjølvhjelp” for å utvikle ein strategi og plan for å nå selskapet sine målsettingar. Dersom ditt selskap må eller ynskjer å omstille seg, eller selskapet har nye ambisjonar, kan dette programmet vere relevant.

Målgruppa for Vekstprogrammet er dagleg leiar, leiing, styremedlem og forretningsutviklarar.

Kurset gjennomførast i modular
Gjennom 4 halvdagsmodular i mai og juni og 1:1 oppfølging, vil deltakerbedrifter få hjelp med å ta val og gripe dei moglegheiter som finst. Vi vil også sjå på korleis ein kan implementere ein god plan og korleis vi kan betre salsresultat.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Meir informasjon og påmelding til Vekstprogram 2021 finn du her.

Det vil bli lagt opp til at 9-10 selskap er med, og det må være minst to frå kvart selskap som er med (ta gjerne med styremedlemmer).

Malar og verktøy: Til kvar modul vil det bli utdelt malar og verktøy som du sjølv kan nytte med tilsette, leiing, styre og eigarar. Verktøya skapar underlag for å ta kvalifiserte avgjersler.

Kostnad for deltakelse i Vekstprogram 2021 er normalt på 9 500 kr. Sunnfjord Utvikling dekker 50% av dette, så eigenandelen for bedrifter i Sunnfjord kommune vert på 4 750 kr.

Har du spørsmål rundt innhaldet i programmet eller om det er noko for di bedrift kan du ta kontakt med Kunnskapsparken direkte:

Roger Ulvestad, roger@kpvest.no eller tlf. 938 17 336 / Sigrid Førde, sigrid@kpvest.no eller tlf. 400 21 567.

 

No kan di bedrift søke midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar).
Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i bedrifter som er råka av koronakrisa, både ordinære opplæringstiltak og fagbrev.

I første runde vert det lyst ut 20 millionar kroner, og søknadsfristen er 22. mai.

De kan søke midlar til anten ordinære opplæringstiltak eller til fagbrev på jobb.

For nærare beskriving av kva opplæringstiltak som kan få støtte og kven som kan søke, sjå meir informasjon på Vestland fylke sine nettsider.

Du kan og sjå ein liten videosnutt med meir informasjon om BIO-midlane.

 

– Det å kunne bidra til vekst og verdiskaping var årsaka til at eg gjekk inn i politikken, så dette er eit naturlig neste steg, seier Gunhild Berge Stang.

Berge Stang fasar ut dei fleste av dei politiske verva framover og tek over som dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling 1. oktober. Bente Hauge fortset som konstituert dagleg leiar fram til Berge Stang er på plass.

Flyttar heim
– Det har vore utruleg spennande og givande å jobbe i Oslo og i Kulturdepartementet, men med små born på heimebane har eg heile tida vore klar på ovanfor familien at det skulle være eit tidsmessig avgrensa prosjekt. Både det politiske engasjementet mitt og det at eg takka ja til denne jobben, botnar i at eg alltid har brent for å vere med på å bygge arbeidsplasser og vekst i regionen.

Gunhild Berge Stang gler seg til å ta fatt på oppgåvene i Sunnfjord Utvikling. Foto: Lindsey Bundschuh

Søker fritak frå fylkespolitikken
For å kunne jobbe effektivt med utvikling i Sunnfjord og oppnå tverrpolitisk tillit, søker Berge Stang fritak frå fylkespolitikken.

– Det kjennes ryddigare slik, eg vil at det ikkje skal vere nokon tvil om at eg jobbar for og med næringsutvikling i kommunen. Og dette er som sagt noko eg verkeleg brenn for – i dei mange rollene mine i politikken opp igjennom åra har det vore ekstra givande å kunne bidra til å skape vekst i distrikta. Mellom anna har eg jobba for utflytting av statlege arbeidsplassar til regionane, og med regionale flyplass- og vegprosjekt.

Brubyggjar mellom privat og offentleg sektor
Styreleiar John Helge Lunde er veldig glad for at Gunhild Berge Strand har takka ja til å bli dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling.

– Dette er ein svært viktig jobb som har som hovudoppgåve å bidra til god utvikling i samfunnet vårt og til godt samspel mellom privat og offentleg sektor. Dagleg leiar skal også sikre at Sunnfjord Utvikling i sitt arbeid har ein passeleg balanse mellom å arbeide med dagsaktuelle saker på den eine sida og å påverke dei langsiktige moglegheitene/truslane for

vår region på den andre sida.

Med Gunhild Berge Stang sin bakgrunn som statssekretær, tidlegare ordførar i Fjaler med eit sterkt fokus på næringsutvikling, lang erfaring frå offentleg sektor og ikkje minst hennar personlege eigenskapar, er Lunde trygg på at styret har funne den rette daglege leiaren for Sunnfjord Utvikling framover.

Gler seg til å bidra til ytterlegare vekst
Gunhild Berge Stang ser fram til å ta fatt på oppgåva.

– Sunnfjord er sterke på utvikling av arbeidsplassar, og det er mange verdiskapande initiativ i regionen. Eg gler meg verkeleg til å komme i gang og jobbe for å få til ytterlegare vekst i tida framover.

Sunnfjord kommune er tildelt 2.027.239 kroner til kommunal kompensasjonsordning, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Sunnfjord kommune har delegert til Sunnfjord Utvikling å forvalte tilskotet. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Med atterhald om godkjenning i Sunnfjord kommunestyre 25. mars 2021 vert fordelinga slik:

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å særleg prioritere reiselivsbedrifter som av ulike grunnar ikkje kan vise til ein reell omsetningssvikt. Samt til serveringsstader som vart ramma av skjenkestopp.
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å kompensere for medlemskontingent på 2019-nivå
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga

Søknadsfrist:
Det vert sett frist til 1. mai 2021.
Dersom det er midlar att etter denne runden vil det bli lyst ut ei ny runde med søknadsfrist 1. juni 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon kontakt:
Rådgjevar Tuva Eide                                  tuva.eide@sunnfjord.no            90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge         bente.hauge@sunnfjord.no     95 26 13 59