Har du ein idé som kan skape verdi i Sunnfjord? Sunnfjord utvikling lyser no utfrå tre næringsfond med ein samla pott på om lag 2 millionar kroner. Målet er å styrkje næringsutvikling, sysselsetting og lokalsamfunn i kommunen.

• Næringsfondet gjeld heile Sunnfjord kommune.

• Gaularfondet og Jølstrafondet er retta mot initiativ i dei tidlegare kommunane Gaular og Jølster.

VI ynskjer gründararetablerte verksemder, og initiativ for lokalsamfunnsutvikling – store som små, velkomen til å søkje. Har du ein god idé for ny næring, vidareutvikling, eller aktivitet som styrkjer bygda di, vil vi gjerne høyre frå deg.

Fondsmidlane skal bidra til næringsutvikling, innovasjon og berekraftig.

Ta gjerne kontakt med Ørjan Stubhaug eller Astrid Marie for ein uforpliktande prat.

Meir informasjon om fonda og korleis du søkjer finn du på våre heimesider: https://www.sunnfjordutvikling.no

Kommunalt næringsfond

Kraftfonda i Gaular og Jølster

Søknadsfrist: 25. april 2025

Klyngeleiar for ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune, Sunnfjord Utvikling AS og Helse Førde har teke initiativ til ei helseklynge i Sogn og Fjordane. Intiativet har fått stor oppslutnad og ein går no i gong med eit treåring oppstartsprosjekt for å etablere, utvikle og posisjonere klynga lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi ser etter ein engasjert klyngeleiar som kan sikre suksess i satsinga.

 

Har du lyst til å bygge opp ei ny satsing for å styrke helseinnovasjon i regionen så er dette kanskje den mest spennande jobben på Vestlandet akkurat no!

Klyngearbeidet skal leggje til rette for auka verdiskaping ved å samle kreftene om utviklinga av nye, kunnskapsbaserte tenester og produkt som møter utfordringane i helsesektoren. Dette skjer gjennom tett samarbeid mellom utdanningsmiljø, helsesektoren, næringslivet og interesseorganisasjonar, med utgangspunkt i region Sogn og Fjordane.

Klynga skal skape gode møteplassar, sikre tilgang til relevant kompetanse og testfasilitetar, og bidra til sterkare samhandling på tvers av sektorar. I tillegg skal ho styrkje attraktiviteten og rekrutteringa  til regionen ved å synleggjere breidda og omfanget av forskings- og innovasjonsprosjekt.

 

Klyngeleiar

Til den nye helseklynga søkjer vi ein driftig klyngeleiar. Nettverksbygging og relasjonsarbeid vil vere ein sentral del av arbeidet. Det er ønskeleg med ein klyngeleiar som er «tre-språkleg» med erfaring frå næringsliv, offentleg sektor og/eller akademia. Dette for å sikre relevante aktivitetar, eit dynamisk samarbeid og likeverd mellom partane i klynga.

I den treårige prosjektfasen vert Sunnfjord Utvikling arbeidsgjevar, men klyngeleiaren skal i sitt arbeid representere alle partnarane i helseklynga. Den som vert tilsett skal rapportere til styringsgruppa for helseklynga.

 

Arbeidsoppgåver

·      Etablere og utvikle klynga, samt å finne strategiske samarbeidsrelasjonar lokalt, regionalt og nasjonalt

·      Arrangere seminar, konferansar og temasamlingar som bidreg til tettare samarbeid mellom partnarane i klynga

·      Fasilitere nettverkssamlingar og legge til rette for oppstart av nye prosjekt mellom partnarar

·      Nettverk og relasjonsbygging gjennom å identifisere synergiar mellom tilsette hos partnarane, studentar og brukarar

·      Etablere, tilby og vidareutvikle ulike tenestepakkar til partnarane i klynga

·      Arbeide med å sikre finansiering til aktivitet og vidare drift

·      Bidra til å lette samarbeidet mellom privat-offentleg næringsliv mellom anna gjennom å finne relevante miljø for test og pilotering av produkt og tenester

 

Kvalifikasjonar

·      Høgare utdanning

·      Erfaring frå leiing og prosjektarbeid

·      Kunnskap om forsking, innovasjon og/eller forretningsutvikling

·      Erfaring med å utvikle og skrive søknadar

·      Erfaring med formidlingsarbeid gjerne med kunnskap om merkevarebygging og bruk av SOME

 

Eigenskapar

·      Sterk relasjons- og brubyggjar

·      God på å skape engasjement og aktivitet

·      Driftig, resultatorientert og strukturert

 

Vi kan tilby

·      Spennande og variert arbeid med moglegheiter til å påverke eigen arbeidsdag

·      Mogelegheit for å prege utviklinga av ei viktig satsing i Sogn og Fjordane

·      Kontorstad i arbeidsfellesskapet med forskings- og innovasjonsmiljøa i Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet

·      Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår

 

Klyngeleiar vert i første omgang tilsett i eit treårig engasjement med moglegheit for forlenging ved overgang frå prosjektfase til ordinær drift. Prosjektfasen er finansiert med støtte frå mellom anna Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune.  Ein god del reiseaktivitet må påreknast. Snarleg tilsetting.

Spørsmål om stillingen kan rettast til Gunhild Berge Stang – mobil 976 53 785

Søknad og CV sendes til:  gunhild.berge.stang@sunnfjord.no

Søknadsfrist 21. mars.

Sunnfjord utvikling og Sunnfjord kommune i samarbeid med Førde vgs. inviterer til Landbrukskonferansen Sunnfjord på Thon hotell Jølster 16.mars.

Sunnfjord er den største jordbrukskommunen i Vestland målt i areal. Landbruket er ein viktig drivar for andre næringar, og det er ei viktig oppgåve å synleggjere den betydninga landbruket har i vår region, også for busetnad i bygdene.

Konferansen har som målsetnad å sette fokus på landbruket i regionen vår, inspirere til nytenking, utvikling og rekruttering. Vi ønskjer å legge til rette for nettverksbygging og bli betre kjend med moglegheitene innanfor tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. Vi anbefaler at alle som har interesse for landbruk og ønskjer fagleg påfyll, møte likesinna og bli inspirert, tek turen til Jølster 16. mars.

Program Landbrukskonferansen

Vi har eit begrensa antall plassar til stand. Så til dei som ønskjer å ha stand på konferansen er det førstemann til mølla.

Billettar bestiller du her

Har du spørsmål om konferansen kan du kontakte Astrid Marie Vie på tlf. 997 25 143 eller astrid.marie.vie@sunnfjord.no

 

Lova og tilhøyrande forskrift som regulerar kompensasjonsordninga er vedteken, og søknadsportalen er opna.

PwC arrangerte eit webinar den 21. april der ordninga og førebuing til søknadsprosess vart grundig gjennomgått, med gode dømer.

Samanlikna med det som var kjent før ordninga vart godkjent, er det nokre endringar og tillegg, mellom anna knytt til berekninga av kompensasjonen.

Vi oppmodar alle om å sjå webinaret og førebu seg grundig, gjerne i samråd med styret, rekneskapsførar og/eller revisor, før ein sender inn søknad om kompensasjon.

Klikk her for å sjå webinaret

Klikk her for presentasjonen som vart gjennomgått

Klikk her for søknadsportalen for kontantstøtte til bedrifter

 

 

Er du ein gründer med ein god ide?

Kva avgjer om du vil lukkast med ideen din?

I samarbeid med Innovasjon Norge arrangerar vi og nokre av nabokommunane kurset «Frå ide til marknad»

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

 

Samlinga vert gjennomført digitalt via Teams, påmelding på Innovasjon Norge sine nettsider: Klikk her

Endringar i samfunnet krev at helsesektoren i framtida må løyse oppgåver annleis enn i dag. Helse Førde har aukande fokus på nyskaping, og vil gjerne samhandle med næringslivet! Difor vert du no invitert til denne konferansen der vi med utgangspunkt i helsesektoren sine framtidige behov ønskjer å dele kunnskap om tverrfagleg innovasjonsarbeid, og på lang sikt bidra til lokal verdiskaping på tvers av offentleg og privat sektor.  

I lag med 5 medarrangørar inviterer Helse Førde no til Helseinnovasjonskonferansen 2019. På konferansen vil du bli presentert for gode døme på lokalt innovasjonsarbeid, samt få meir kunnskap om både utfordringar og mulegheiter. Ikkje minst får du høyre om arbeidet med Nye Førde Sjukehus.

Sjå heile programmet her: www.helseinnovasjonskonferansen.no.

Dato: 31. oktober

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Påmelding:  Trykk her for påmelding

Pris: 775,- kroner (250,- for studentar)

Arrangementet på Facebook

Arrangørar: Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, NHO, Innovasjon Norge, Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Sjå filminvitasjon frå Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde – klikk her.

Har du spørsmål om konferansen, så kontakt Gro Rukan: 913 21 392 / gro@kpsf.no

Vi håper å sjå deg på Helseinnovasjonskonferansen 2019!

18.09.19 kl. 12.00 – 15.00
Peak Sunnfjord, Hafstadvegen 23-25, Førde
Påmeldingsfrist: 2019-09-16 14.00
Kontakt: Jørgen Ulrik Berg
Gratis, men hugs å meld deg på slik at vi veit at du kjem!

Meld deg på her.

 

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

Vi vil gå gjennom:

– Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di.
– Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast.
– Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din.

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).

Forretningsmodellering

Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

LEAN Start-up (smidig oppstart)

Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden.

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar.

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Nettverk og kompetanse

Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

Under finn de presentasjonar frå toppmøte der ordførarkandidatane møtte næringslivet, fredag 29. Mars:

 

Maritim Forening og Sunnfjord Utvikling AS inviterer til leverandørtreff med Nordic Mining. Tema er Engebøprosjektet.

Meld deg på leverandørtreffet her

Nordic Mining er no i ein fase der dei søker leverandørar. Dei har mange ulike leveransebehov og det vil vere behov for fleire leverandørtreff grunna prosjektets størrelse. Første møte blir 20 november, med fokus på utstyrsleveransar.

Nordic Mining oppfordrar leverandørar til å tenke samarbeid. For å redusere tal grensesnitt, ønsker dei at ein eller fleire leverandørar i lag har ansvar for ein eller fleire pakkar.

Workshops: Det blir fem ulik workshops, ein for kvar pakke. Det er muleg å rullere mellom dei.

Agenda:

10.00 – 11.15: Presentasjon av Engebø prosjektet, Kenneth N. Angedal, Nordic Mining

11.15 – 12.00: Lunsj

12.00 – 14.00: Workshops

Workshops

Electrical

Process

Mechanical

Control and Instruementation

General