Sunnfjord Utvikling  har saman med PwC kartlagt og analysert fem av tettstadane i nye Sunnfjord kommune; Skei, Vassenden, Sande, Bygstad og Naustdal. Rapportane frå prosjektet er no publisert.

Målet med prosjektet har vore å utforme tiltak for kvar av tettstadane slik at tettstadane bidreg til at regionen blir ein meir attraktiv bu- og arbeidsregion. Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og dei gamle kommunesentra og tettstadane vil få nye roller og funksjonar.

Rapportane finn du her. Dersom du er interessert i å sjå kva tiltak som er foreslått for vidare utvikling, finn du dette i kvar enkelt tettstadrapport. Forslag til vegen vidare kjem fram frå side 100 i samla rapport. Politikarane har fått presentert forslaga, og skal ta prosjektet vidare. Dette gjeld organisering av arbeidet, og finansiering av tiltaka.

Samla rapport

Naustdal

Skei

Vassenden

Sande

Bygstad

I prosjektet har det vore viktig å involvere innbyggjarane i tettstadane for å få eit best mogleg bilete av no- situasjonen, trendar og framtidsplanar. Det er gjort intervju med ei gruppe på fem personar frå kvar av tettstadane, samt gjennomført folkemøter på kvar tettstad.

Analysearbeidet og samtalane med representantar frå kvar tettstad er utført hausten 2017, folkemøta er gjennomført i januar/februar 2018.  I rapportane er det konkrete forslag til utviklingsprosjekt for kvar tettstad. Samt til organisering og finansiering av vidare utviklingsarbeid.

Tettstadutviklingsprosjektet inngår i arbeidet med å etablere ein ny kommune i Sunnfjord, og arbeidet er utført i tett dialog med den politiske prosjektgruppa for framtidas lokaldemokrati og er forankra i Fellesnemnda.

Oppslag i Firda 20. mars 2018:

https://www.firda.no/nyheiter/sunnfjord/kommunereform/vil-ha-fem-nye-stillingar-for-engasjerte-folk-som-kjenner-tettstadane-godt/s/5-15-555612

 

 

Vår nye Reiseguide Sunnfjord er no klar! Les den her som pdf, eller plukk den opp i papirformat hos oss på Førde Rådhus eller på Turistinformasjonen på Esso Skei Servicesenter i slutten av april. Kjem i både norsk, engelsk og tysk versjon. Les om aktivitetar, attraksjonar og arrangement i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Guiden er proppfull av gode tips til deg som vil vite meir om kva Sunnfjord har å by på.

 

27. april – 29. april arrangerer Jølster 365 aktivitetspakke for den typiske utforskaren. Fredag blir det pizzabaking i Fjordamattunet, laurdag guida vårtopptur med sykkeltransport og søndag heftige aktivitetar på Lunde turiststasjon. Meir info og påmelding finn du her:

https://booking.jolster365.no/no/se-gjore/a1504559/utforskaren-april/showdetails

27. – 29. april arrangerer Jølster 365 aktivitetspakke for den typiske livsnytaren. Fredag blir det pizzabaking i Fjordamattunet, laurdag soloppgangstur og kajakk på Jølstravatnet, og søndag golf på Sunnfjord Golfklubb. Meir informasjon og påmelding finn du her:

https://booking.jolster365.no/no/se-gjore/a1504558/livsnytaren-april/showdetails

27. – 29. april arrangerer Jølster 365 aktivitetspakke for den typiske eventyraren. Fredag blir det pizzabaking i Fjordamattunet, laurdag villsnøjakt i Jølstrafjella med Breogfjell, og søndag kajakk på Jølstravatnet med Go’Kajakk og lunsj i det fri. Meir info og påmelding finn du her:

https://booking.jolster365.no/no/se-gjore/a1504556/eventyraren-april/showdetails

Denne veka har vi besøk av ei gruppe svenske skijournalistar som oppsøker Sunnfjordfjella for å lage reportasjer for Åka Skidor, Freeride.se og Snösäker.se

Besøk av denne typen er viktig for å løfte fram dei kvalitetane som finnes i Sunnfjordfjella og gjere desse kjent utanfor Sunnfjord og Noreg. Dette vil på sikt bidra positivt til aktiviteten og lønnsemda i reiselivsnæringa.

Takk til Jølstraholmen Camping for lån av hytte og Bilhuset Førde for lån av bil.