Sunnfjord kommune er tildelt 2.027.239 kroner til kommunal kompensasjonsordning, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Sunnfjord kommune har delegert til Sunnfjord Utvikling å forvalte tilskotet. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Med atterhald om godkjenning i Sunnfjord kommunestyre 25. mars 2021 vert fordelinga slik:

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å særleg prioritere reiselivsbedrifter som av ulike grunnar ikkje kan vise til ein reell omsetningssvikt. Samt til serveringsstader som vart ramma av skjenkestopp.
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å kompensere for medlemskontingent på 2019-nivå
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga

Søknadsfrist:
Det vert sett frist til 1. mai 2021.
Dersom det er midlar att etter denne runden vil det bli lyst ut ei ny runde med søknadsfrist 1. juni 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon kontakt:
Rådgjevar Tuva Eide                                  tuva.eide@sunnfjord.no            90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge         bente.hauge@sunnfjord.no     95 26 13 59

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.

I samarbeid med Vestland fylkeskommune inviterer Campus Verftet til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling den 15. mars kl.10.00-14.00.

Den regionale planen skal sette retning for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte. Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

På møtet kjem de til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å kome med munnlege innspel og stille spørsmål.

Her kan du finne meir informasjon om høyringa, og her finn du påmeldingsskjema.

Rekrutteringsprosjektet som hadde oppstart før jul er no godt i gang, og for tida pågår det kartlegging på to viktige områder:

Kva type kompetanse næringslivet og det offentlige i Sunnfjord har behov for dei nærmaste åra, og i kor stor grad personar frå andre kantar av landet er villige til å flytte på seg i jobbsamanheng.

Kartlegginga av rekrutteringsbehovet gjer me for betre å kunne hjelpe næringsliv og det offentlege med å tiltrekke rett type kompetanse til regionen – når vi veit meir om kva behovet er, kan vi målrette aktivitetar og kommunikasjon spesifikt mot dei yrkesgruppene og kompetanseområda som trengs mest.

Undersøkinga retta mot kandidatar over heile landet vert gjennomført i samarbeid med Norstat, for å sikre at vi får svar som er representative for heile Noreg.

I denne undersøkinga spør vi blant anna om folk kan tenke seg å flytte på seg for å jobbe, kva som er viktigast for dei når dei skal byte jobb, og kva som eventuelt er til hinder for at dei skal flytte.

På den måten får vi vite kva alders- og yrkesgrupper som er mest villige til å flytte, og kva som må til frå arbeidsgjevar og kommunen sin side for å få dei hit.

Vil du vite meir om desse undersøkingane eller ynskjer å få presentert resultata når dei er klare, ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller telefon 98 88 36 88.

 

 

Frå 1. mars i år blir det fleire endringar i bemanninga i Sunnfjord Utvikling. Styret er i ferd med å rekruttere ny dagleg leiar etter at Rolf Sanne-Gundersen har sagt opp for å begynne i BKK.
Bente Hauge blir konstituert som dagleg leiar inntil ny dagleg leiar er tilsett.
I tillegg skal Solbjørg Grøneng begynne i ny jobb som rådgjevar i NAV frå 1. mars. Ho blir erstatta av Tuva Eide som i dag er tilsett på grûndersenteret til Innovasjon Norge i Førde. Tuva har også bakgrunn frå Kunnskapsparken og kjenner både regionen og Peak Sunnfjord godt.
I avdelinga for reiseliv har Bjørg Kjos-Wenjum slutta i Sunnfjord Utvikling og begynt i ny jobb i Coop Nordvest.
Frå 1. mars 2021 er dette bemanninga i selskapet: Bente Hauge (konst dagleg leiar), Vidar Slettehaug (ansvarleg reiseliv), Tuva Eide (kommunalt næringsfond/førstelinjeteneste), Kathe Arnesen (rekruttering Sunnfjord)

I det vi er i startfasen på eit nytt år inviterer Sunnfjord Utvikling/Visit Sunnfjord til digitalt informasjonsmøte for Reiselivsnæringa i Sunnfjord.
2021 blir eit år prega av endringar, og dette vil vi informere om i møtet.
Vi får også med oss Stein Ove Rolland frå Fjord Norge som fortel oss om måten Fjord Norge arbeider for Vestlandet og Sunnfjord.

Tidspunkt: Torsdag 14. Januar kl. 14.30 – 15.30
Stad: Digitalt
Påmelding: https://forms.gle/nrxSALdEo7QQVZb17

Link til møtet blir sendt ut til dei som melder seg på!

Vel møtt!

Vil du vere med å utvikle Sunnfjord kommune som ein sterk vekstregion i Vestland fylke?
Sunnfjord Utvikling AS søker ny dagleg leiar.

Som dagleg leiar vil du få ei synleg og viktig rolle i lokalsamfunnet der du får muligheita til å påverke samfunnsutviklinga og sette Sunnfjord enno tydelegare på kartet.

Du skal bidra til å styrke kommunen sin attraktivitet og omdømme og legge til rette for nyskaping og vekst, og du blir ein av dei som skal sette dagsorden i profileringa av Sunnfjord kommune og fronte viktige saker i media.

Brubyggjar mellom kommunen og næringslivet

Gjennom å skape tillit og byggje nettverk skal du fungere som rådgjevar for både det lokale næringslivet og offentlig sektor. Du blir ein brubyggjar mellom kommune og næringsliv, og sørger for å kople kompetanse og kapital og sikre gjennomslag for idear og tiltak.

Med deg på laget har du 4 engasjerte medarbeidarar i Sunnfjord Utvikling, og i ryggen har du Sunnfjord kommune og det private næringslivet.

Er dette deg?
Vi trur du har strategisk og operativ erfaring enten frå privat eller offentlig sektor.

Elles tenker vi at det er mange typar erfaring og kompetanse som kan vere til nytte i denne stillinga, så vi er meir opptatt av korleis du er som person enn kva utdanning du har – høgare utdanning er ein fordel, men relevant erfaring kan erstatte det.

Vi trur at for å lykkast bør du vere:
• Tydeleg på mål og retning
• Beslutningsdyktig
• Nytenkande
• Uredd
• Evne til å tenke strategisk
• Handlekraftig

Du er også sjølvstendig og god til å skape relasjonar på ulike nivå.

Du vil jobbe i eit uformelt miljø med kontor i næringsklynga Peak Sunnfjord, eit innovativt miljø med rundt 20 bedrifter og over 100 tilsette.

Du vil få konkurransedyktige vilkår.

Søknadsfrist: 20. januar 2021.

Har du spørsmål om stillinga kan du ringe dagleg leiar Rolf Sanne Gundersen på tlf. 970 55 208 eller styreleiar John Helge Lunde på tlf. 474 66 074.

Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til kathe.arnesen@sunnfjord.no

Om Sunnfjord Utvikling AS
Sunnfjord Utvikling er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og næringslivet
i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Føremålet vårt er å bidra til utvikling i Sunnfjord.

Dette er idéen bak eit nystarta forskingsprosjekt i Sunnfjord.

Vi er no i gang med arbeidet saman med prosjektpartane, og Vestlandsforsking har skrive ein artikkel om dette:

https://vestforsk.no/nn/2020/forsking-bringer-kultur-handel-og-reiseliv-saman

 

Foto: Tanner Larson

Som mange har venta på er kriteria for dei nye midlane for omstilling av reiselivsnæringa klare.

Sjå informasjon om desse her: Nye 300 millioner kroner til omstilling av reiselivsnæringen

Vi anbefalar å lese nøye gjennom kriteria.

Lenke til nasjonalt webinar om ordninga 8. desember

Merk: Søknadsfristen er allereie 20.desember

Har selskapet ditt ynskje om å omstille seg eller har det nye ambisjonar? Bli med på Vekstprogram i Sunnfjord!

Gjennom 2 heildagsmodular og 1:1 oppfølging får bedrifta hjelp til å avklare grunnlag for korleis omstilling og vekst kan skje i di bedrift. Vi ser på korleis ein kan gjere endringar og handtere urolege tider, og vi hjelper deg med å sjå mogelegheiter og tenke framtid.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Vekstprogrammet vert arrangert av Kunnskapsparken Vestland i samarbeid med Vekstlandet. Sunnfjord Utvikling ynskjer å tilby programmet til bedrifter i Sunnfjord kommune til kr 3.500 (opphaveleg pris kr 7.000 per selskap). Merk påmelding med Sunnfjord Utvikling for å få redusert pris. Avgrensa tal plassar.

Meir informasjon om Vekstprogrammet og påmelding finn du her.

Kven vil overleve, kven vil aldri bli det samme og kven vil vere sterkare enn nokon sinne?

Vestland er til no det einaste fylket i Noreg som presenterer ein rapport som ser på moglegheiter og utfordringar for heile næringslivet knytt til koronakrisa og globale megatrendar som det grøne skiftet.

Rapporten er resultat av ei samla bestilling frå eit partnarskap samansett av Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen kommune. Analysen er gjort av Ernst & Young i tett samarbeid med partane.

Lenke til samandrag av rapporten

Fullstendig rapport kan du lese her

Meir informasjon om arbeidet kan du lese her