Det er kjekt å kunne informere om at vi har tilsett prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Kathe Arnesen (49) tek til i stillinga 1. desember 2020. Ho er opphaveleg frå Sandefjord men har budd i Oslo dei siste 20 åra.
Vi fekk totalt 21 søkarar til stillinga. Mange gode, sterke kandidatar og tre av dei med tung rekrutteringsbakgrunn. Mange lokale men og kjekt at stillinga fanga interesse frå kandidatar frå Oslo, Bergen og London.

Kathe er ein erfaren prosjektleiar, og har jobba i og med rekrutteringsbransjen i mange år. I tillegg har ho drive eige kommunikasjons- og PR-byrå, og har jobba med marknadsførings- og kommunikasjonsprosjekt for mange ulike bransjar. Ho har såleis lang erfaring med prosjektleiing av både store og små prosjekt. Ho har og helde kurs for både arbeidsgjevarar og rekrutteringsbyrå med fokus på LinkedIn som rekrutteringsverktøy og kanal for marknadsføring, og forelest på HR Norges HR-utdanning rundt temaet rekruttering i sosiale media/på digitale flater.

Kathe har og jobba tett med rekrutteringsbyrået Jobzone, både gjennom eige føretak og som innleigd prosjektleiar, med oppgåver innan kommunikasjon og marknadsføring retta mot både arbeidsgjevarar og kandidatar.

Som prosjektleiar i Jobzone jobba Kathe med eit omfattande digitaliserings- og innovasjonsprosjekt som hadde som mål å fornye og digitalisere både rekrutteringsprosessane og søkeprosessen for kandidatane.

Med denne erfaringa frå rekrutteringsbransjen er vi trygge på at Kathe vil kunne gjere ein god jobb som prosjektleiar og vere ein ressurs for bedriftene som er med i prosjektet. I tillegg er ho vant med å jobbe utadretta både med nettverksbygging og andre aktiviteter for å utvikle prosjekt og nå dei mål som er sett.

Kathe er utdanna marknadsøkonom frå BI, og har tatt ulike kurs innan digital forretningsforståing, fasilitering, coaching m.m. Hennas personlegdom passar og godt til profilen vi var ute etter.

Kathe er tilflyttar men har to søstrer med familie i Sunnfjord.

Vi ynskjer Kathe velkommen til oss og ser fram til å presentere ho for samarbeidspartnarane i prosjektet!

 

Les meir om Kathe sin bakgrunn og motivasjon her

Reiselivsnæringa er ei av næringane som vart ramma først, og som er hardast råka av koronapandemien. Innovasjon Norge har fått nye muligheiter til å hjelpe i den vanskelege situasjonen.

Les meir om ordninga her

Sunnfjord Utvikling AS kan no saman med Sognefjord Næringshage, Næringshagane i Nordfjord, og Kunnskapsparken, tilby reiselivsbedrifter å delta i «Næringshageprogram for Reiselivsbedrifter».
Næringshageprogrammet inneheld både rådgjeving, nettverksaktivitetar, og tilgang på kompetanse for å utvikle bedrifta. Gjennom programmet får bedrifta hjelp av ekstern rådgjevar til å gå gjennom verksemda og legge ein plan for vekst og utvikling som kan innehald ulike tiltak innan områda Forretningsutvikling, rådgjeving, kompetanseheving, planlegging av utviklingsaktivitetar, prosess og prosjektleiing. Bedriftene sjølv vel omfanget av programmet.

Invitasjon

Du kan lese meir her

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følgje av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Sunnfjord kommune skulle få eit tilskot på kr 1 948 924.

Sunnfjord kommune vedtok i Formannskapet 20.08.20 å delegere til Sunnfjord Utvikling å forvalte eingangsløyving på kr 1 948 924 i samsvar med nasjonale føringar for bruken av midlane.

 

Meir informasjon finn du her

Næringslivet i Sunnfjord treng arbeidskraft!

Vil du vere PROSJEKTLEIAR FOR REKRUTTERINGSFORUM SUNNFJORD?

Vår største utfordring i Sunnfjord i dag og i åra framover er tilgangen på nok folk med rett kompetanse.
Derfor har Sunnfjord Utvikling etablert Rekrutteringsforum Sunnfjord, eit tre-årig samarbeidsprosjekt som i startfasen består av 20 private og offentlege selskap. Gjennom eit breitt samarbeid skal prosjektet bidra til at lokale og regionale selskap sine behov for arbeidskraft vert tilfredstilt.

No skal vi rekruttere leiaren for prosjektet.

Vi treng ein sjølvstendig, strukturert og offensiv leiar med stort samfunnsengasjement. Du må vere sterk på kommunikasjon og nettverksbygging, vere handlekraftig og ha gode samarbeidsevner. Dette er ei nyoppretta stilling som vil krevje stor arbeidskapasitet.

Prosjektet er fullfinansiert i 3 år, men vår ambisjon er at dette blir forlenga.

Vil du vite meir om stillinga kan du ringe prosjektleiar Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling
(95 26 13 59) eller dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen (97 05 52 08).
Prosjektplanen finn du på vår nettside sunnfjordutvikling.no

Vi tilbyr konkurransedyktig løn. Stillinga vil medføre reiseaktivitet.

Som prosjektleiar blir du tilsett i Sunnfjord Utvikling med kontorstad Peak Sunnfjord.
Sunnfjord Utvikling er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og næringslivet
i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Føremålet vårt er å bidra til utvikling i Sunnfjord.

Søknadsfrist 10. september 2020.

Send ein kortfatta søknad med CV på e-post til bente.hauge@sunnfjord.no

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning på 250 millionar kroner til reiselivsnæringa.

Reiselivsbedrifter i Norge kan søke om midlar innan 15. september 2020.

Ein kan søke om inntil 80% tilskot avgrensa oppad til 5 millionar kroner per bedrift.

Meir informasjon om ordninga: https://business.visitnorway.com/no/nyheter/2020/ny-tilskuddsordning-for-reiselivsnringen/

Reiselivsnæringa omfattar i denne samanheng sektorane med tilhøyrande næringskodar:

  • overnatting (NACE 55)
  • attraksjon/aktivitet (NACE 90,91 og 93)
  • formidling (NACE 79)
  • transport (NACE 49 (ex 49.32 og 49.42), 50 og 51 (ex 51.22)
  • servering (NACE 56) (der oppleving er ein sentral del av tilbodet)
  • utleige og leasingaktivitet (NACE 77)

Meir informasjon og detaljar kjem.

 

Rekrutteringsforum Sunnfjord er klar til lansering i haust. Vi i Sunnfjord skal i fellesskap bli best på kanskje vår viktigaste arbeidsoppgåve framover, rekruttering av arbeidskraft. Det første vi no skal gjere er å tilsette ein rekrutterer i 100 prosent stilling. Stillinga vil bli lyst ut rett etter sommaren. Vedkommande vil bli tilsett i ein 3-årig prosjektstilling i Sunnfjord Utvikling med arbeidsstad Peak Sunnfjord i Førde.

Prosjektet har vi jobba lenge med og 20 ulike selskap har no sagt at dei vil vere med (sjå prosjektplan i lenke under). Veldig kjekt at Amedia/Firda også har sagt at dei blir med på satsinga. Dersom andre selskap har lyst til å bli ein del av Rekrutteringsforum Sunnfjord er det berre å ta kontakt med prosjektleiar Bente Hauge på epost bente.hauge@sunnfjord.no eller på tlf 952 61 359. Vi har fått spørsmål frå selskap i nabokommunane om det er mogeleg å vere med og svaret er ja.

Kvifor denne satsinga?, får vi ofte spørsmål om. Fordi fleire ulike selskap i ulike bransjar har ei stor felles utfordring i å rekruttere nye medarbeidarar til ledige stillingar. Vi er ikkje unike på dette området. Rekruttering av nye tilsette er ei utfordring i dei fleste kommunar og regionar i distrikta. Mykje har vore forsøkt for å lukkast med rekruttering og ein del tiltak har virka, andre har ikkje fungert. Vi trur ein rekrutterer på fulltid kan bidra til å løfte fokuset på rekruttering i Sunnfjord, samordne og koordinere kreftene i dei ulike selskapa, profesjonalisere oss på rekruttering og ikkje minst ha tett kontakt med andre som jobbar med same utfordringa, særleg Framtidsfylket. Den som blir tilsett må ha stor arbeidskapasitet, evne til å samarbeide, kunne skape entusiasme og jobbe systematisk. Vedkommande vil ikkje bli åleine. Vi i Sunnfjord Utvikling vil vere eit støtteapparat, og i tillegg har fleire av selskapa som er med i prosjektet profesjonelle HR-tilsette som vil utgjere eit arbeidsutval.

Vi er veldig glade for at vi har fått på plass den grunnfinansieringa som må til for å kunne tilsetje ein person i tre år. Stor takk til Vestland fylke for sitt bidrag, og ein særleg takk til Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane /stiftinga som kvart år sett av midlar til viktige samfunnsprosjekt. Utan desse gåvemidlane hadde det vore vanskeleg å drive samfunnsutvikling i ein kommune som vår. Det er ikkje berre private selskap som treng finansiering, det treng også selskap som Sunnfjord Utvikling. Vår jobb er å finansiere opp prosjekt som kan løyse dei utfordringane vi har i kvardagen i lag med private aktørar, og rekruttering er som sagt kanskje vår største utfordring. Berre sidan 2016 har vi som selskap henta over 17 mill kroner frå næringsliv, bankar og i offentlege midlar til ulike prosjekt i vår kommune.

Heilt til slutt må vi nemne at vi ikkje har landa eit namn på prosjektet som fram til no heiter Rekrutteringsforum Sunnfjord. Rekrutteringsforum er ikkje det beste namnet fordi dette slett ikkje berre skal vere eit forum for utveksling av erfaringar og kunnskap. Vi har som klar målsetjing å hjelpe selskap med å finne dei rette folka uansett kvar dei bur i dag. Det krev konkret handling, og det krev langsiktig, systematisk og meir heilheitleg arbeid. Allereie no har vi fått konkrete innspel på kva vi bør gjere og korleis. Vi har til og med fått beskjed om kven vi skal få tak i kvar. Vi treng fleire innspel, og til vår glede er det allereie etablert eit HR-nettverk i Sunnfjord i kjølvatnet av prosjektet. Eit nettverk av tilsette som har HR som sitt arbeid i sine selskap.

Treng du meir informasjon om prosjektet er det berre å ta kontakt med oss i Sunnfjord Utvikling

 

Prosjektplan

Sjå artikkel i Firda om saka

 

Vi ynskjer at flest mogleg skal oppleve Sunnfjord og alt vi har å by på. I samarbeid med Rein Design har vi lansert kampanjen “100iSunnfjord”.

Vi har samla flotte aktivitetar, overnattingsstadar, turar og andre opplevingar du kan finne i Sunnfjord på ei plattform.

Via dei sosiale mediekanalane på facebook og instagram vil det jamnleg komme tips om kva du kan gjere, samtidig som du finn ei fullstendig oversikt på 100iSunnfjord

 

Les meir om kampanjen og Rolf, Vidar og Solbjørg sine anbefalingar i artikkelen frå isunnfjord.no

Her er det nye styret saman med dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling

Frå venstre: Olve Grotle, Sissel Bruland Gurvin, styreleiar John Helge Lunde, Jenny Følling, dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen, Helge Robert Midtbø, Gunn Merete Paulsen og Geir Opseth

Regjeringa la 29. mai fram sin plan for å bidra til Norge kjem godt ut av koronakrisa. Mange av tiltaka som er lagt fram tidlegare vert vidareført, medan nokon blir endra eller fasa ut. I tillegg kjem det til nye tiltak som skal fremje aktivitet og arbeidsplassar. Under finn de informasjon om relevante endringar og nye tiltak for næringslivet.

Tiltak som blir føreslått justert

  • Gradvis nedtrapping av kompensasjonsordninga, med utfasing ved utgangen av august. Støttefaktoren blir føreslått nedjustert til 0,7 i juni og juli, og 0,5 i august. Les meir på regjeringa.no
  • For nye tilfelle av permitteringar frå 1. september 2020 foreslår regjeringa å auke tal dagar med lønsplikt for arbeidsgivarar frå to til ti dagar, og samtidig avvikle den ekstraordinære lønskompensasjonen for nye permitterte. Les meir på regjeringa.no
  • Den utvida retten til bruk av eigenmelding vert reversert frå 1. juni 2020
  • Arbeidstakar si kvote for omsorgspengar vert nullstilt frå 1. juli 2020. Det inneber at arbeidstakarar får rett på ei normal heilårskvote for siste halvår av 2020, uavhengig av om den utvida kvota er brukt opp

Nye tiltak:

  • Lønsstøtteordning – midlertidig støtteordning for bedrifter som tek permitterte tilbake i arbeid. Ordninga er tidsavgrensa og gjeld for juli og august. Les meir om ordninga på regjeringa.no
  • 250 mill. kroner til tilskotsordning under Innovasjon Norge for bedriftsutvikling i reiselivsnæringa
  • 250 mill. kroner til ny kompensasjonsordning som skal bidra til at sesongbedrifter som har opplevd stort omsetningsfall kan dekke sine utgifter til lovpålagt vedlikehald
  • 600 mill. kroner til bedriftsretta tiltak i kommunar som er særskilt hardt ramma som følgje av virusutbrotet
  • Bygg og vedlikehaldspakke på fire milliardar kroner som skal halde aktivteten oppe over heile landet. Ein stor del av desse midlane vil gå gjennom kommunane
  • Grøn omstillingspakke på til saman 3,6 mrd. kroner over tre år. Hovudsatsinga i den grøne omstillingspakka er 2 mrd. kroner i auka løyving til Enova i 2020 som skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien
  • Forsterka satsing på kunnskap og kompetanse

I tillegg løyver Vestland fylkeskommune meir til kompetanse

 

Takk til Sogn Næring for deling av tekst

Her ser du meir om tidlegare informasjon vedr relevante tiltak for næringslivet