I dag vart det kjent kva slags bedrifter som får til saman 1,25 milliardar kroner frå Forskningsrådet. Totalt kom det inn 352 søknader frå selskap i alle fylke.
Sunnfjord Utvikling AS er mellom dei selskapa som får 2,5 millionar kroner til eit prosjekt som har namnet Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord.

Kulturturisme er ein internasjonal trend i sterk vekst, og Norge skal bli ein kulturdestinasjon innan 2030. Sunnfjord har potensiale for å utvikle seg som kulturdestinasjon. Her finst kulturopplevingar av høg kvalitet i form av kunst, musikk, teater og kulturarv. Likevel er det behov for at dei om lag 200 000 turistane som overnattar i Førde blir lenger, opplever meir og kjem på besøk heile året. Musea mottek høg statleg stønad per gjest, men har likevel for få besøkande. Overrislingseffektane av kulturarrangement på reiseliv og handelsnæring er låg. Handelsnæringa i Førde står sterkt, men omsetninga ligg likevel under snittet for landet. Eit velutvikla kulturtilbod er ein nøkkel til handelsvekst. Både innan kultur, reiseliv og handel i Sunnfjord ligg det altså eit uforløyst potensial for auka verdiskaping. Målet til prosjektet er å designe heilskaplege kundeopplevingar som bidreg til berekraftig verdiskaping på tvers av tre sektorar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Sunnfjord Utvikling AS. I tillegg har vi henta inn desse aktørane;
Elvetorget, Musea i Sogn og Fjordane, Førdefestivalen, Førde Gjestehus og Camping, Jølstraholmen, Jølstramuseet, Scandic Sunnfjord Hotel, Sogn og Fjordane Teater, HVL, Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster.

Rolf og gjengen hans i Sunnfjord Utvikling er gledeleg overraska over at vi kom gjennom nålauget til Forskningsrådet. Kompetansen og kunnskapen til Vestlandsforsking i å søkje og byggje eit prosjekt har vore avgjerande. I tillegg var det veldig kjekt og avgjerande at bedriftene vil vere med i det vi ser på som ei storsating på kultur og reiseliv i Sunnfjord. Vi har mange kvalitetar i Sunnfjord, men vi har også eit stort potensiale for fleire turistar og betre utnytting av den infrastrukturen vi har i form av kultur, musea, handel, overnattingsbedrifter med meir.

 

Vi er ein av fleire aktørar som siste tida har jobbe med dette spenstige prosjektet, som har vist seg i si flotte prakt i mørketida. Det gler oss å sjå det positive engasjementet og den gode omtalen dette samarbeidsprosjektet har fått. Vi anbefalar alle ein spasertur i julebyen og ynskjer alle ei fin førjulstid! Sjå meir om julebyen her

Endringar i samfunnet krev at helsesektoren i framtida må løyse oppgåver annleis enn i dag. Helse Førde har aukande fokus på nyskaping, og vil gjerne samhandle med næringslivet! Difor vert du no invitert til denne konferansen der vi med utgangspunkt i helsesektoren sine framtidige behov ønskjer å dele kunnskap om tverrfagleg innovasjonsarbeid, og på lang sikt bidra til lokal verdiskaping på tvers av offentleg og privat sektor.  

I lag med 5 medarrangørar inviterer Helse Førde no til Helseinnovasjonskonferansen 2019. På konferansen vil du bli presentert for gode døme på lokalt innovasjonsarbeid, samt få meir kunnskap om både utfordringar og mulegheiter. Ikkje minst får du høyre om arbeidet med Nye Førde Sjukehus.

Sjå heile programmet her: www.helseinnovasjonskonferansen.no.

Dato: 31. oktober

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Påmelding:  Trykk her for påmelding

Pris: 775,- kroner (250,- for studentar)

Arrangementet på Facebook

Arrangørar: Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, NHO, Innovasjon Norge, Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Sjå filminvitasjon frå Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde – klikk her.

Har du spørsmål om konferansen, så kontakt Gro Rukan: 913 21 392 / gro@kpsf.no

Vi håper å sjå deg på Helseinnovasjonskonferansen 2019!

18.09.19 kl. 12.00 – 15.00
Peak Sunnfjord, Hafstadvegen 23-25, Førde
Påmeldingsfrist: 2019-09-16 14.00
Kontakt: Jørgen Ulrik Berg
Gratis, men hugs å meld deg på slik at vi veit at du kjem!

Meld deg på her.

 

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

Vi vil gå gjennom:

– Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di.
– Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast.
– Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din.

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).

Forretningsmodellering

Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

LEAN Start-up (smidig oppstart)

Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden.

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar.

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Nettverk og kompetanse

Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport – spesielt ikkje viss du er turist i området. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentleg transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på fysiske utsalsstader.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengeleg for sal på ulike turistkontor og gjennom destinasjonsselskapa sine nettsider. Alle turar for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er og tilgjengeleg for bestilling på den felles nettsida www.tltl.no. For Møre og Romsdal er det førebels ei eiga side, www.fram.no/travel, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.

Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar.

Med salsklare destinasjonsselskap og turistkontor rundt om på Vestlandet og felles nettside på plass, er vi no klare for ein spanande første sesong med Travel like the locals i alle dei fire vestlandsfylka!

 

«Travel like the locals» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

 

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen, e-post marit.holen@mrfylke.no. mobil 975 44 525.

Under finn de presentasjonar frå toppmøte der ordførarkandidatane møtte næringslivet, fredag 29. Mars:

 

Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2019-2022 er no lagt ut på høyring. Frist for innspel er 1. april 2019. Deretter skal planen behandlast i fire kommunestyrer. Trykk på følgande lenker for å komme til planen:

Strategisk Næringsplan

Handlingsplan

Vedlagt lenker til kommunane sine nettsider, om du ønskjer lese meir om behandlinga i forbindelse med utlegging :

Jølster

Gaular

Førde

Naustdal

 

Innspela skal sendast til kommunane, men er det spørsmål eller kommentarar kan de ta kontakt med Bente Hauge eller Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

Sunnfjord Utvikling AS skal utarbeide ny reiselivsstrategi for Sunnfjord. I arbeidet med den nye strategien ønskjer vi innspel frå reiselivsnæringa i Sunnfjord. Vi inviterer derfor til ope møte på Thon Hotel Førde den 1. april.

Program:
1. Innleiing – Prosess og eigarskap til Strategien
2. Presentasjon av hovudpunkt i reiselivsstrategi for Sunnfjord
3. Diskusjon, innspel og kommentarar

Påmelding til post@sunnfjord.no innan 28. mars.

Maritim Forening og Sunnfjord Utvikling AS inviterer til leverandørtreff med Nordic Mining. Tema er Engebøprosjektet.

Meld deg på leverandørtreffet her

Nordic Mining er no i ein fase der dei søker leverandørar. Dei har mange ulike leveransebehov og det vil vere behov for fleire leverandørtreff grunna prosjektets størrelse. Første møte blir 20 november, med fokus på utstyrsleveransar.

Nordic Mining oppfordrar leverandørar til å tenke samarbeid. For å redusere tal grensesnitt, ønsker dei at ein eller fleire leverandørar i lag har ansvar for ein eller fleire pakkar.

Workshops: Det blir fem ulik workshops, ein for kvar pakke. Det er muleg å rullere mellom dei.

Agenda:

10.00 – 11.15: Presentasjon av Engebø prosjektet, Kenneth N. Angedal, Nordic Mining

11.15 – 12.00: Lunsj

12.00 – 14.00: Workshops

Workshops

Electrical

Process

Mechanical

Control and Instruementation

General