Sunnfjord Utvikling tok i 2019 initiativ til eit prosjekt som skal sørge for at den fantastiske veksten vi har i næringslivet vårt kan halde fram, utan at mangel på arbeidskraft begrensar oss.

Gjennom Rekrutteringsforum Sunnfjord samlar vi kreftene i kampen om kandidatane. Rekrutteringsforumet skal gjennom eit breitt samarbeid bidra til at lokale og regionale selskap sine behov for arbeidskraft vert tilfredsstilt. Dette skal vi gjere både gjennom å hjelpe enkeltbedrifter med konkrete rekrutteringsoppgåver når dei treng det, og gjennom å koordinere og samordne felles rekrutteringsaktivitetar for heile regionen

Kartlegge, tiltrekke og behalde
Prosjektet skal ikkje utelukkande fokusere på rekruttering, men òg drive kartlegging av kva kompetanse næringslivet i regionen har behov for, samt å finne fram til og tiltrekke dei rette kandidatane. Å bidra til tiltak for å halde på dei gode kandidatane i Sunnfjord, er og ei viktig oppgåve,

Rekrutteringsforum Sunnfjord er avhengig av at både det offentlege og det lokale næringslivet involverer seg for å oppnå måla vi har sett oss. Involvering skjer gjennom medlemskap og deltagelse i felles prosjekt, aktivitetar og kampanjar om ein ynskjer det.

Så langt har 19 verksemder slutta seg til prosjektet, men vi ynskjer at enda fleire, både små og store, blir med. Verksemdene i Sunnfjord må trekke i same retning om vi skal lukkast!

“Rekrutteringsforum Sunnfjord har vore ein god sparringpartner i rekrutteringsarbeidet og har også tatt jobben som hodejeger på jakt etter kandidatar vi har hatt på blokka vår. Dette har opna fleire dører for oss og sikra ein god dialog med spennande kandidatar”

– Kenneth Nakken Angedal, Nordic Mining

Kva betyr det å vere medlem?
Gjennom medlemskap i Rekrutteringsforum Sunnfjord bidreg di verksemd til eit viktig prosjekt som jobbar for at næringslivet i heile Sunnfjord har tilgang på den kompetansen dei treng. I tillegg får dykk òg hjelp til eigne rekrutteringsaktivitetar, samt tilgang til rekrutteringsrelaterte kurs og arrangement i regi av forumet.

Utover dette får alle medlemsbedriftene tilgang på ein kompetent prosjektleiar som fyller dagane sine utelukkande med fokus på å tiltrekke, rekruttere og behalde arbeidskraft i regionen. Vår prosjektleiar er ein god sparringpartner og kan bistå i dine rekrutteringsprosessar når du måtte trenge det.

Problemet med tilgang på arbeidskraft er ikkje unikt for Sunnfjord, men løysinga er unik. Saman blir vi drivande gode, og saman skal vi vinne kampen om dei beste kandidatane!

Interessert i å bli medlem, eller å høyre meir om kva vi kan hjelpe deg med? Ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller tlf. 98 88 36 88. Abonner gjerne også på nyheitsbrevet vår, anten du blir medlem eller ikkje:

Dette prosjektet tek utgangspunkt i at kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord har gått saman om eit kartleggings- og analysearbeid for å avdekke og utfordre moglegheiter og barrierar, for å framstå som ein samla og attraktiv aktør for nye større og grøne industrietableringar.

Desse kommunane har ei felles erkjenning av at alle etableringar, uavhengig av fysisk lokalisering, er til gode for heile regionen. Prosjektet har også som mål å knyte til seg dei andre kommunane i region Fjordane undervegs i prosjektet; Stad, Stryn, Gloppen, Bremanger, Kinn og Solund. Arbeidet skal gjere oss i stand til å drive aktiv marknadsføring ovanfor industriaktørar i inn- og utland. Ekstern støtte er avgjerande, og vi søkjer Vestland fylkes-kommune om 3,3 millionar NOK til denne satsinga.

I dette prosjektet tek vi mål av oss å styrke det regionale samarbeidet for å betre kome i posisjon for større grøne industrietableringar. Dei ulike kommunane har ulike fortrinn og utfordringar, men samla sett er regionen ideell for å kunne trekke til seg større og eksportretta industri. Her er solid kraftoverskot, regulerte areal, hamner, industrikompetanse og utviklingskraft i eit av dei mest solide kompetansemiljøa på Vestlandet.

Har du spørsmål til dette prosjektet? Ta kontakt med vår prosjektleiar Sigrid Eikeland

Å rekruttere tilflyttarar til Sunnfjord er ei vikteg oppgåve, men å halde på dei er ei vel så vikteg oppgåve. Som eit tiltak i dette arbeidet sette Sunnfjord Utvikling våren 2022 i gang arbeidet med eit nettverk for unge og engasjerte i Sunnfjord kommune.

Nettverket har i per oktober 2022 over 300 medlemmar. Formålet er å gjere Sunnfjord til ein kjekkare plass å bu for unge arbeidstakarar. Nettverket skal óg bidra til at fleire ambisiøse unge flyttar til Sunnfjord og blir verande. Dette skal vi oppnå gjennom sosiale og faglege lågterskel-arrangement.

Har du spørsmål til dette prosjektet? Ta kontakt med vår prosjektleiar Sigrid Eikeland.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord Utvikling jobbar med eit svært spennande prosjekt som vi har kalla Studentjobb.

Kort fortalt er målsettinga til Studentjobb å gjere dei tekniske studieretningane ved HVL i Førde endå meir attraktive for å sikre studieplassane og auke søkartalet. Dette skal vi gjere gjennom å sikre god arbeidsrelevans under utdanninga. Den langsiktige effekten av dette er at næringslivet i regionen skal få dekka sitt behov for kompetanse.

Ideen er at når ein søker studieplass ved HVL i Førde skal ein vere garantert ein relevant deltidsjobb med 5-20 timar i veka.

For å få dette til treng vi eit forpliktande samarbeid med bedriftene i Sunnfjord. I skrivande stund har vi fått med oss 16 bedrifter i prosjektet og desse tilbyr totalt 30 deltidsstillingar, som er veldig bra! Vi jobbar fortløpande med å rekruttere fleire bedrifter, og håpar di bedrift er ei av desse. Ta gjerne kontakt med Astrid Marie hos oss for å få meir informasjon om denne viktige satsinga.

Regjeringa jobbar med ei stortingsmelding om samarbeidet mellom arbeidslivet og høgare utdanning, med fokus på sterkare arbeidsrelevans i utdanningane. Denne skal leggast fram våren 2021. Kanskje kan Førde og Sunnfjord bli eit godt føregangsdøme på eit slikt samarbeid!

Meir informasjon om prosjektet finn du på nettsida: Studentpraksis og i denne artikkelen frå iFørde

Her kan du sjå partnarskapsavtalen som bedriftene som blir med i prosjektet forpliktar seg til, og eit forslag til ein arbeidsavtale.

Sunnfjord Utvikling har i fleire år jobba saman med andre aktørar om å realisere Engebøprosjektet i Naustdal. Den viktigaste aktøren er sjølvsagt selskapa Nordic Mining og Nordic Rutile. Engebøprosjektet har eit stort potensiale for heile regionen, heile fylket. Ikkje berre i form av nye arbeidsplassar, men også ringverknader lokalt. Det er snakk om ein stad mellom 150 og 300 arbeidsplassar lokalt/regionalt bygd på naturgitte ressursar. Mineralnæringa har ein sentral posisjon i Norge, men vil få ein meir sentral posisjon på sikt i takt med endringane i oljeindustrien. Vi trur Engebøprosjektet er den vekstimpulsen Sunnfjord treng for å utvikle seg vidare.

Infrastruktur er særdeles viktig for utviklinga av Sunnfjord. Sunnfjord Utvikling er sekretariat for E39 Stamvegutvalet i Sogn og Fjordane. Leiar i utvalet er fylkesordførar Jenny Følling. Utvalets viktigaste jobb er å sikre framdrift på E39 frå sør mot nord. Dei neste prosjekta som treng planleggings- og oppstartsmidlar i vår region er Lunde-Myrmel i Gaular kommune og E39 forbi Førde frå Storehaug til Vassenden. Fram mot neste NTP blir det jobba bevisst for at E39 gjennom Sogn og Fjordane skal blir prioritert i rekkja av mange vegprosjekt i Norge.