Sunnfjord Utvikling  har saman med PwC kartlagt og analysert fem av tettstadane i nye Sunnfjord kommune; Skei, Vassenden, Sande, Bygstad og Naustdal. Rapportane frå prosjektet er no publisert.

Målet med prosjektet har vore å utforme tiltak for kvar av tettstadane slik at tettstadane bidreg til at regionen blir ein meir attraktiv bu- og arbeidsregion. Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og dei gamle kommunesentra og tettstadane vil få nye roller og funksjonar.

Rapportane finn du her. Dersom du er interessert i å sjå kva tiltak som er foreslått for vidare utvikling, finn du dette i kvar enkelt tettstadrapport. Forslag til vegen vidare kjem fram frå side 100 i samla rapport. Politikarane har fått presentert forslaga, og skal ta prosjektet vidare. Dette gjeld organisering av arbeidet, og finansiering av tiltaka.

Samla rapport

Naustdal

Skei

Vassenden

Sande

Bygstad

I prosjektet har det vore viktig å involvere innbyggjarane i tettstadane for å få eit best mogleg bilete av no- situasjonen, trendar og framtidsplanar. Det er gjort intervju med ei gruppe på fem personar frå kvar av tettstadane, samt gjennomført folkemøter på kvar tettstad.

Analysearbeidet og samtalane med representantar frå kvar tettstad er utført hausten 2017, folkemøta er gjennomført i januar/februar 2018.  I rapportane er det konkrete forslag til utviklingsprosjekt for kvar tettstad. Samt til organisering og finansiering av vidare utviklingsarbeid.

Tettstadutviklingsprosjektet inngår i arbeidet med å etablere ein ny kommune i Sunnfjord, og arbeidet er utført i tett dialog med den politiske prosjektgruppa for framtidas lokaldemokrati og er forankra i Fellesnemnda.

Oppslag i Firda 20. mars 2018:

https://www.firda.no/nyheiter/sunnfjord/kommunereform/vil-ha-fem-nye-stillingar-for-engasjerte-folk-som-kjenner-tettstadane-godt/s/5-15-555612

 

 

Sunnfjord Utvikling er prosjektleiar for Tour des Fjords i Sogn og Fjordane og står som lokal arrangør av etappen frå Balestrand til Førde. Etappen går av stabelen 24. mai 2017. 24 lag med totalt 144 ryttarar, på topp internasjonalt nivå, vil denne dagen konkurrere i løypa over Gaularfjellet, Rørvikfjellet, rundt Jølstravatnet og gå i mål i Førde sentrum. Etappen er finansiert av Førde Kommune, Gaular Kommune, Jølster Kommune, Balestrand Kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune i tillegg til bidrag frå næringslivet i Sogn og Fjordane.

Saman med 9 andre byregionar frå Noreg, Danmark og Sverige deltekt Sunnfjord i eit forskingsprosjekt i regi av Telemarksforsking som ser på tillit og korleis tillit mellom næringsliv, politikarar og administrasjonen i ein kommune kan være ein drivar for utvikling. Prosjektet nyttar både kvantitative og kvalitative metodar for å finne samanhengar og resultat. Resultata frå prosjektet og ferdige analysar vil foreligge i løpet av 2017.

Saman med 36 andre Byregionar deltek Sunnfjordregionen i Utviklingsprogram for byregionar – Byregionprogrammet. Programmet skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland som drivar for regionale vekstkrafta. Sunnfjord Utvikling er prosjektleiar for «Sunnfjordbyen 2» som er kommunane Førde, Gaular, Flora, Naustdal og Jølster sitt prosjekt i byregionprogrammet. Programmet er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Det er fem delprosjekt som blir køyrt under Byregionprogrammet i Sunnfjord; Tillitsprosjektet, Tettstadutviklingsprosjektet, Strategisk Næringsplan, Rural Turisme og Internasjonalisering.

 

 

Jølster 365 starta opp som eit klyngeprosjekt hausten 2013, der SNU og PwC samla 11 aktivitetstilbydarar og overnattingsbedrifter i Nedre Jølster for å sjå på muligheten for å få samla desse bedriftene i området. Etter litt over 1 år med jobbing for å få alle bedriftene gjennom eit SMB program i regi av SNU og kartlegging av korleis dette nettverket skulle sjå ut og kva ein skulle jobbe mot, sat ein igjen med 9 av 11 bedrifter som ønska å gå vidare og starte eit AS saman.
Desember 2015 vart Jølster 365 AS etablert, alle 9 bedriftene kjøpte seg inn som aksjonær i Jølster 365, SNU og PwC trakk seg då ut av prosjektet og Innovasjon Norge kom inn. Jølster 365 vart ein del av Innovasjon Norge si satsing på nettverksbygging og gjennomførte eit forprosjekt som vart delfinansiert av dei, deretter gjekk ein vidare inn i eit hovudprosjekt.
Same forprosjektet vart gjennomført i øvre del av Jølster og då øvre del av Jølster var ferdige med sitt forprosjekt samla alle bedriftene seg i selskapet Jølster 365 AS.
Selskapet består i dag av 16 bedrifter etablerte rundt omkring i heile Jølster og dekkar alt frå overnatting, utleige, mat/restaurant, kunst, aktivitetar og kurs.

Jølster 365 har som formål å:

  • Samle alle aktørane i Jølster som jobbar med reiseliv og aktivitetar på ein plass i den digitale verden, gjere alle desse tilbydarane så tilgjengelige som mulige gjennom eit godt bookingsystem og på den måten vil det bli enkelt for lokale og gjester å orientere seg i og om Jølster i tillegg til å handle det vi har å tilby av overnatting og aktivitetar 24/7.
  • Tilgjengeligere og synligjøre aktivitetar og kva vi har å tilby i Jølster gjennom gode bilder, filmar og godt samansatte pakkar som vi kan selge til enkeltpersonar, grupper og bedrifter.
  • Ta vertskapsrolla for Jølster eit hakk vidare, skape eit eige vertskapskurs for Jølster
  • Skape aktivitet og turisme heile året i Jølster – derav namnet Jølster 365.

Foto: Torje Bjellaas

13 bedrifter i kommunane Gaular, Førde og Balestrand har gått i lag i Bedriftsnettverket Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Bedriftsnettverket skal saman og kvar for seg levere natur – og kulturbaserte aktivitetar og servicetilbod til reisande over Nasjonal Turistveg Gaularfjellet.
Kjerneverksemda til Nettverket er å produsere, marknadsføre og selge reiselivsprodukt knytt til strekninga.
Prosjektet er ein pilot i regi av NCE Tourism. NCE Tourism er prosessleiarar i prosjektet. Målet er ein vekst i omsetning for nettverksbedriftene på 30% i den 3-årige prosjektperioden(2016-2018). Bedriftene i nettverket eig prosjektet. Styringsgruppa er samansett av representantar frå deltakande bedrifter, NCE Tourism, Sunnfjord Næringsutvikling AS og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Første prosjektår er finansiert gjennom Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Foto: David Zadig