Reflekterer kommunikasjonen våre kjerneverdiar?
Framhevar vårt språk det ekte, entusiasme og handlekraft?
Denne merkevaremanualen er utvikla for å skape eit nytt, heilskapleg og kreativt merkevarekonsept for regionen Sunnfjord. Føremålet med manualen er å gje næringslivet, kommunane og andre verksemder i regionen eit verktøy for å styrke sin posisjon og gjere Sunnfjord meir synleg, anerkjend og attraktiv for utvalde målgrupper.
Ein sterk merkevarestrategi skal hjelpe oss til å snakke med ei felles stemme og skape ein samla, tydeleg identitet for Sunnfjord. Når vi kommuniserer med ein uniform tone og visuell stil, blir bodskapen vår klarare og meir gjenkjenneleg. Dette bidreg til å styrke inntrykket av Sunnfjord, både for dei som bur her, og for dei vi ynskjer å tiltrekke oss – som nye innbyggjarar, studentar, gründerar og investorar.
Manualen inneheld merkevarekonsept, verbal identitet, logo, fargar, typografi og bildebruk, samt eksempel på korleis merkevara kan kommuniserast i ulike kanalar. Konseptet framhevar Sunnfjord sine fortrinn, haldningar og verdiar, og skal inspirere til utvikling av eige materiale.
Denne merkevarestrategien er eit første steg i å gje verksemdene i Sunnfjord eigarskap og stoltheit. Ved å samle innsatsen vår rundt ein felles identitet, kan vi saman løfte fram regionen sine kvalitetar og moglegheiter. La oss arbeide saman for å gjere Sunnfjord meir attraktiv og synleg for dei vi ynskjer å nå!
Merkevara si visjonsetning skal vere ei leiarstjerne og eit nav i korleis vi snakkar fram regionen Sunnfjord. Det er eit internt verkemiddel som skal rettleie oss i dei langsiktige måla. Denne setninga fell saman med vårt hovudmål og konsept. Vi forpliktar oss til eit felles ansvar for éi felles framtid. Samstundes har du i regionen Sunnfjord moglegheita til å setje ditt unike preg på ho. Vi har rom for at du kan gjere idear til verkelegheit, dei trygge rammene som lar deg satse. Fordi vi satsar på deg. Ein framtidsoptimistisk visjon som oppmodar til deltaking og handling, samstundes som den byggjer stoltheit både internt og eksternt.
Vår misjonssetning representerer oppdraget vi vil at merkevarestrategien skal løyse. Industri og gründerånd skil Sunnfjord frå andre regionar. Dette er eit viktig salspunkt som må framhevast. Sunnfjord har litt av alt og mykje å vere stolt av. Element som utgjer ein genuint god base for kven som helst. Ei slik misjonssetning forpliktar oss til å framheve den innovative krafta til industrien i regionen og korleis den bidreg til å utvikle nye, grøne teknologiar.
Vi er ærlege og jordnære.
Vi deler kunnskapen vår og og samarbeider der vi kan.
Vi skapar varige relasjonar.
Vi er ambisiøse og fulle av visjonar.
Vi heiar fram talent og støttar initiativ!
Vi legg til rette for entreprenørskap og dyrkar gründarar.
Vi brettar opp ermane og er løysingsorienterte.
Vi koplar idear og menneske saman.
Vi er opne for nye impulsar og inviterer til mangfald.
Når vi veit kva vi skal seie, må vi også vite korleis vi skal seie det. “Entusiasten” er personlegdomen eller ånda vi vil at ein skal innta når ein snakkar om Sunnfjord. Denne merkevarestrategien siktar på å gje eit inspirerande og dynamisk bilde av regionen vår, med fokus på kvalitetane og potensialet innan innovasjon og utvikling, både på samfunn- og individnivå. Som ein slags Petter Stordalen, vil tilnærminga vår vere kreativ og applauderande, med mål om å fremje samarbeid, innovasjon og personleg vekst blant målgruppene våre. Vi vil lokke og heie fram eitt fellesskap av dyktige fagfolk, utforskarar og drøymarar som vil ta steget mot regionen Sunnfjord. Vårt engasjement skal smitte!
Her eksemplifisert med en fiktiv, KI generert entusiast.
Til den entusiastiske ånda har vi og eit slagord:
Som ein essensiell del av merkevarestrategien vår, brukar vi slagordet Ta del fordi det enkelt kan formidle alle kjerneverdiane og ulike bodskap til målgruppa på ein fleksibel og handlekraftig måte. Slagordet formidlar at ein blir invitert til å delta i å forme regionen si framtid samt eige liv. Dette slagordet representerer ein invitasjon til alle – innbyggjarar, bedrifter, organisasjonar – om å spele ei aktiv rolle i å forme regionen vår. Det betyr eigarskap, det å bidra og moglegheita for positiv endring.
Her finn du alle profilelementa som utgjer grunnlaget for vår visuelle identitet, inkludert primærlogo og sekundærlogo. Desse elementa skal brukast konsekvent for å sikre eit felles og gjenkjenneleg bilde av merkevara Sunnfjord.
Ein fleksibel, moderne og rein logo som bokstavleg talt dannar gode rammevilkår for ein brei, allsidig profil. Konseptuelt fortel logoen at regionen Sunnfjord gir deg rom til å leve det livet du ynskjer, som ei solid ramme til ditt blanke lerret, og berre kreativiteten set grenser for kva ditt unike preg kan vere. Logoen er tydeleg og figurativ og dermed gjenkjenneleg.
Logoen tilbyr ei rekkje variasjonar som kan nyttast i ulike samanhengar, slik at den kan vere markant utan å dominere.
Poppins – ein gratis geometrisk Google-font som fungerer godt både digitalt og til trykk. Den er sjarmerande, rund og lettlest, og spelar godt på lag med logoen. Poppins kan du laste ned her.
Ein frisk, vaken og moderne palett som utstrålar entusiasme. Vi anbefaler ein brei palett som kan nyttast til mykje forskjellig. Paletten må kunne stå på eigne bein, samstundes som han skal harmonisere med særs ulike profilar. Sørg for å bruke fargane konsekvent for å sikre eit felles og gjenkjenneleg uttrykk av merkevara Sunnfjord.
Engkarsen sine lyselilla blomar er blant dei første våroppblomstringane på engane og eit symbol på pionerånd og nyskaping. Allereie i april kan ein sjå lyselilla teppe i hagar, vegkantar og opne plassar, særleg på Vestlandet. Desse organiske formane gjer uttrykket mjukare og meir innbydande, spesielt når det ikkje er anna co-branding til stades. Bruk dei solide formane i fargar, bilete og film for å tilføre eit harmonisk og naturleg preg til vår visuelle identitet. Sørg for konsistent bruk av desse elementa for å oppretthalde eit samanhengande visuelt språk.
Her er visuelle døme på bruk av profil og verbal identitet meint å inspirere når ein utviklar eiga materiale og kommunikasjon. Desse eksempla illustrerar korleis profilen vår kan integrerast i ulike samanhengar og fungere på ein autentisk og engasjerande måte.
Vi heiar, er optimistiske og snakkar om moglegheitane – vårt engasjement blir ditt engasjement.
Bilda skal vekke kjensler som framtidsoptimisme, handlekraft og energi! Lyse, naturlege og med folk i sentrum.
Vi heiar fram talent og støttar initiativ!
Denne merkevaremanualen er eit verktøy som skal bistå verksemdene og kommunane i Sunnfjord med å kommunisere ein tydeleg og samstemt identitet. Ved å følgje retningslinjene her, bidreg vi saman til å gjere regionen vår meir synleg og attraktiv.
Vi oppfordrar alle til å bruke strategien og språket i manualen aktivt. Last ned elementa og bruk dei i sosiale medier, presentasjonar, stillingsannonsar og meir. Det er lett som ein plett – kreativiteten set berre grensene! For fleire filversjonar kan du ta kontakt med Sunnfjord Utvikling, post@sunnfjord.no
Bruk denne sjekklista for å sikre at kommunikasjonen dykkar er i tråd med merkevarestrategien for Sunnfjord. Saman kan vi løfte regionen til nye høgder!