Fritid i Sunnfjord: Aktivitetar for alle

Velkommen til regionen Sunnfjord – liten nok til at du finn fram, og stor nok til å romme mangfaldet. Fordi vi vil heie på initiativ, og på kvarandre.

Sunnfjord er kjend for sine to byar, vakre bygder, nærleik til storslått natur og eit mangfald av friluftsaktivitetar. Enten du vil gå tur i fjellet, øyhoppe, dykke eller padle i fjordane, utforske skogane, så finn du aktivitetar som passar alle aldersgrupper og interesser.

Her kan du bu både urbant i sentrum av Florø og Førde, eller landleg i idylliske omgjevnader. Vi har eit rikt mangfald av organisasjonar som tilbyr fritidsaktivitetar. Valet er ditt.

Levande kultur og kunst

Kulturtilbodet i Sunnfjord-regionen er variert og inkluderer nasjonale skattar som Kinnakyrkja, Jakob Sande-tunet, Bulandet Temapark, Astruptunet, Eikaasgalleriet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum.

Førdefestivalen samlar all verdas folkemusikk i hjartet av Sunnfjord. Festivalen er eit smykke for oss som bur her – ein juvel for fred. Ei samlande kraft i internasjonal og nasjonal folkemusikk. Vi har også Jølster Aurefest, Sildebordet i Florø, Kinnaspelet og Våt Moro m.m.

Av overnatting har vi mange fine plassar å tilby! Her er alt frå hotell til fyrtårn, frå campingplassar til hytter. Både rimelege og ekslusive!  Visit FjordKysten og Sunnfjord har eit god oversikt og tips – både til kva du kan sjå og gjere, arrangement, mat og drikke m.m. Her kan du søke på dei stadane du er interessert i.