Velkommen til regionen Sunnfjord – liten nok til at du kan sette ditt unike preg, og stor nok til at idear kan bli verkelege, i trygge rammer som lar deg satse. Fordi vi vil heie på initiativ, og på kvarandre.
Her er fleire gode grunnar til at du skal velge Sunnfjord:
Sunnfjord fordi:
- vi har naturressursane og teknologien – tradisjon og innovasjon
- vi har eit variert næringsliv som grip moglegheiter i det grøne skiftet – og samarbeider
- Sunnfjord har litt av alt – og mykje å vere stolte av!
- stadig fleire menneske ser fordelar med det naturbane – og rom for å sette idear ut i live
Ein region som ikkje kviler
Sunnfjord-regionen har ei sterk tradisjon for entreprenørskap og innovasjon, djupt forankra i dei rike naturressursane som vatn, vind, mineral, brear, fjordar og hav. Denne ressursrikdommen, kombinert med ei innovativ og samarbeidsorientert næringslivsånd, har skapt grunnlaget for vekst og utvikling i fleire tiår.
Ein region for moglegheiter
Næringslivet her har lange tradisjonar, men har fulgt med på endringane. Det betyr satsingar på sjø, land, reiseliv, berekraft, teknologi, helse, innovasjon – og folk! I ei verd med utfordringar som miljø- og klimakrise, global uro og kunstig intelligens, kan vi vere ein del av løysingane for framtida. Vår region er godt rusta med høg kompetanse, sterk utviklingskraft og solid digital infrastruktur.
Regionen har heile 30 000 arbeidsplassar, der 9 000 leverer varer og tenester ut av regionen – eit tydeleg bevis på økonomisk tyngde og innovasjon.
Storregionen Sunnfjord omfattar Førde, Florø, Fjaler, Askvoll, men er også innafor jobb- og buavstand til våre gode naboar Høyanger, Hyllestad, Gloppen og Bremanger. I sum betyr det ein variert og dynamisk arbeidsmarknad.
Samla sett tilbyr Sunnfjord-regionen eit breitt spekter av jobbmoglegheiter innan ulike sektorar, med fokus på både tradisjonelle næringar og moderne satsingar.
Bli med på laget – ta del i ein innovasjonsregion som gjer ein forskjell!