Tag Archive for: lokal verdiskaping

I samband med «Grøn region Fjordane» arbeider Sunnfjord Utvikling for å bidra til omstilling i det lokale næringslivet. Kurset «Praktisk berekraft» skal bidra til at bedrifter meir effektivt skal kome i gang og lukkast med berekraft i tråd med nye krav og forventningar. Det vil styrke selskapet si konkurransekraft.

Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Ta gjerne med styreleiar.

 

Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar:

-Eg likte at det var enkelt, praktisk og effektivt. Det betyr mykje i ein hektisk kvardag!

-Vi sit att med nødvendig kunnskap som vi treng og oversikt som vi mangla.

-Kurset og workshopen motiverte oss! Vi forstår no betre kva berekraft går i.

 

Etter gode tilbakemeldingar frå deltakarane køyrer vi no ein ny runde med modul 1. Dette er gratis for alle som ynskjer å delta. Bedriftene blir invitert til dette grunnleggande kurset som steg ein. Les meir om prosjektet og meld deg på her.  

 

Målet med kurset er å hjelpe bedrifter til å kome i gang med berekraftsarbeid raskt og effektivt. Kurset vil bidra til bevisstgjering og konkretisering i kva berekraft betyr for di verksemd, slik at det kan vere med å styrke konkurransekrafta.

Oppstart modul 1

Første runde med modul 1 vart gjennomført 26. september. Vi planlegg oppstart av ny runde med modul 1 i desember. Påmeldingslenke kjem når dato er sett.

Tilbod kurs, workshop og rapport

Ymsir AS, ved Anne Mette Hjelle, er engasjert til å gjennomføre prosjektet. Ho vil, i lag med Aud Ingrid Espeland, stå for den praktiske gjennomføringa. Ymsir har god erfaring med eit tredelt opplegg, der ein kan velje å ta berre modul 1, eller modul 1 i kombinasjon med modul 2 og 3. Alle modulane (1, 2 og 3) vil gje eit betre og meir komplett resultat.

Modul 1: Grunnleggande kurs om praktisk berekraftsarbeid og informasjon om krav og ulike rapporteringsmåtar med konkrete døme.

Modul 2: Workshop:
• Gjennomgang av korleis bedrifta påverkar ulike berekraftsmål (positivt/negativt), inkl. interessentanalyse.
• Status/oppfølging opp mot ESG (miljø¸, sosiale forhold og selskapsstyring).

Modul 3: Enkel oppstilling av berekraftsstatus til deling på nettside eller direkte mot kundar, bank o.a. (NB. lkkje fullstendig rapport).

Pris: Bedriftene blir invitert til å delta gratis på det grunnleggande kurset (fellessamling). Dersom bedrifta vel å gå vidare med modulane 2 – 3 (individuell oppfølging), er totalprisen for bedrifta kr 21 600,-. Dette er ein rabattert pris , der 67% av kostnaden blir dekka gjennom gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sunnfjord Utvikling.

Ressursbruk: For alle tre modulane vil det gå med inntil 2 dagar totalt på deltaking i kurs, workshop og individuell oppfølging. Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Gjerne og styreleiar.

Synes du dette høyres relevant ut for di verksemd? Eller ynskjer du meir informasjon om kurset? Då kan du ta kontakt med Bente Hauge.

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte i Jølster, Naustdal og Gaular.

Du møter oss her:

  • Jølster – Skei Hotel, måndag 14. november kl 18.00-20.00.
  • Gaular – Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.
  • Naustdal – Dalen næringssenter 16. november kl 19.00-21.00.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»

  • Profileringsprosjekt
  • Mineralinkubator
  • Sunnfjord Innovasjonsarena AS
  • Nye prosjekt for grøn omstilling
    • Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
    • Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
    • Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
  • Nasjonalt senter for yrkesfag
  • Tilleggsnæring landbruk
  • Remote Sunnfjord og rekruttering
  • Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
  • Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding for Jølster på Skei hotel, frist 11. november: Påmelding Jølster
Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular
Lenke til påmelding for Naustdal, frist 13. november: Påmelding Naustdal

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte på Sunnfjord Hotel, tysdag 25. oktober kl 18.00-20.30.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»
• Profileringsprosjekt
• Sunnfjord Innovasjonsarena AS
• Mineralinkubator
• Nye prosjekt for grøn omstilling
– Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
– Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
– Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
• Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40
• Nasjonalt senter for yrkesfag

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding, frist 21. oktober: https://no.surveymonkey.com/r/OpeInformasjonsmote

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

 

Har du planar om å utvikle eit nytt eller forbetra produkt, teneste eller produksjonsprosess?

Manglar du kunnskap eller treng å utvikle kunnskap for å kunne gå vidare med ditt prosjekt? Her vil det vera mogleg å hente både rådgjeving, kompetanse og informasjon om finansieringsmoglegheiter hjå verkemiddelapparatet:

• 1:1 rådgjeving med kompetansemeklar, Forskningsrådet eller EU-rådgjevar
• Informasjon om aktuelle utlysingar, regionale, nasjonale og internasjonale
• Nettverk

Allereie i første møte vil ein sørgje for å kople dykkar prosjekt på rett ordning/kunnskapsmiljø. Delta for å høyre om ulike moglegheiter, få tips til korleis kome i gong og ikkje minst høyr frå andre verksemder i regionen som har lukkast med bruk av FoU i utviklinga av deira verksemd.

Meld deg på her

Verkemiddeldagen vert arrangert i samarbeid med:
• Vekst i Lag v. Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Inviro og Stryn Næringshage
• Sunnfjord Utvikling
• Innovasjon Norge
• Norges Forskningsråd

Gjennom dei siste månadane har PwC, på bestilling frå Sunnfjord Utvikling, arbeida med ein omfattande nærings- og ringverknadsanalyse for Sunnfjord. Målet er å synleggjere styrkane våre og peike ut nokre retningar for kommunikasjon og marknadsføring av regionen vår, for å tiltrekke oss folk og at dei som bur her ynskjer å bli buande.

Nærings- og ringverknadsanalysen, som er steg ein i eit større omdømme-/attraktivitetsprosjekt, skal gje oss innsikt i kvifor Sunnfjord opplever god vekst og kva for ringverknader denne veksten kan skape. Det skal også synleggjerast korleis vi sikrar framtidige investeringar og vekst i Sunnfjord.

På nyåret vil vi ha klart ein fullverdig analyse, men allereie no vil vi dele resultatet frå kartleggingsfasen og foreløpige funn. Dette kan reknast som ei løypemelding og den endelege rapporten kan difor avvike frå denne førebelse presentasjonen.

Målet med den endelege analysen er at den skal ha stor bruksverdi. I den vidare kommunikasjonen vil det bli produsert bilete og korte videoar som kan nyttast av næringslivet og offentlege aktørar i marknadsføring og kommunikasjon.

Løypemeldinga vart presentert for formannskapet i Sunnfjord kommune 5. november. Endeleg rapport vil bli tilgjengeleggjort og presentert for næringsliv og offenteleg aktørar på nyåret.

Stor takk til alle som har bidrege inn i dette arbeidet sålangt!

Presentasjon av førebelse funn i kartleggingsfasen

 

Ein ny serie med kurs for reiselivsbransjen, hos Fagskolen i Viken, er no opna for søknader. Alle kursa er gratis, undervisast av erfarne bransjefolk og kan kombinerast med jobb.

I år tilbyr Fagskulen i viken òg kurs på engelsk i digital markedsføring og bærekraftig reiseliv.

Les meir om dei forskjellege kursa og søknadsprosessen på fagskulen sine sider her.

 

Saman med det lokale næringslivet ynskjer vi å finne potensialet for innovasjon og verdiskaping med eit sirkulært tankesett. 

I dette prosjektet har vi valgt å fokusere på to av dei største private næringane i Sunnfjord, varehandel og bygg & anlegg.  Prosjektet skal resultere i 3-5 innovative pilotprosjekt innan varehandel, bygg og anlegg. Målsetjinga er kunnskapsutveksling og å auke konkurransekrafta gjennom å ruste næringane for framtidige krav og forventningar. Har du lyst til å undersøke om di verksemd kan vere ein bidragsytar  i dette prosjektet?

Meld deg på frukostmøte og les meir om prosjektet Sirkulære Sunnfjord her!

Pandemien førte med seg mange utfordringar for næringslivet, men no ser vi (forhåpentlegvis) snart lyset i enden av korona-tunnelen.

For å kickstarte det lokale næringslivet etter korona, har FINS Aktivitet (eigd av Førde Industri og Næringssamskipnad) teke initiativ til ein heilt ny konferanse, Heilekonferansen. Intensjonen er at den skal bli ei årleg hending.

Motivasjon, omdømme og lokal verdiskaping
Tanken bak konferansen er dels å synleggjere den store veksten vi no ser i regionen vår, men og å inspirere og motivere til ytterlegare vekst og utvikling.

Konferansen går over to dagar, frå lunsj til lunsj, med følgjande tema:

  • Lokal verdiskaping som utgangspunkt for ekspansjon
  • Omdømme og merkevare
  • Motivasjon (og provokasjon)

Kjende namn på scena
For å gje ein liten smakebit på kven du får sjå på scena, kan vi nemne mellom anna Helseminister Bent Høie, Julie Brodtkorb, Jannicke Hilland, Tom Stiansen, Eva Weel Skram, Olaf Tufte og Florø-bandet Pegasus. I tillegg kjem den lokale kokkehelten Ole Jonny Eikefjord for å servere 4-rettars middag basert på råvarer frå regionen.

Desse bedriftene samarbeider med FINS Aktivitet om Heilekonferansen: BKK, Firda, Sparebanken Sogn og Fjordane, PwC, Hending, Berge & Co, Sunnfjord Utvikling, Sunnfjord Hotell, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa og Rein Design.

Her kan du lese meir om programmet og melde deg på.

I 2018 arrangerte vi i Sunnfjord Utvikling og Hub for Ocean i Florø ein leverandørkonferanse i Førde i lag med Nordic Mining. Hovudfokuset var lokal verdiskaping av eit framtidig gruveprosjekt på Engebø.

Vi har heile tida vore opptekne av at lokale selskap skal kome i posisjon til å utføre arbeid og sikre framtidige arbeidsplassar i regionen. I dag kom meldinga om at fleire lokale selskap har inngått intensjonsavtalar med Nordic Mining.

Sunnfjord Industripartner AS (fleire lokale entreprenørselskap), Åsen & Øvrelid i Førde, Normatic AS (Eid og Førde) og Nordic Bulk AS (Rogaland) skal utføre arbeid til ein verdi av 1,2 milliardar kroner, står det i dagens børsmelding. Dette er gledeleg for lokal verdiskaping og lokale selskap, og eit resultat av eit langsiktig arbeid.

Børsmelding.