Tag Archive for: Rekrutteringsforum Sunnfjord

Alle arbeidsgivarar er avhengige av flinke hovud og hender. Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Vi gir deg ein heil dag med folka i fokus.
25. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap og konkrete råd om gode rekrutteringsprosessar til konferanse på Skei.

Stad: Thon Partner Hotel Jølster
Tid: 25. oktober kl. 10.00 – 16.00
Pris: 1562,- inkl. lunsj.
Påmelding: Meld deg på her

Rekruttering handlar om mykje meir enn stillingsannonsar og jobbintervju. Det handlar om å bli lagt merke til i jobbmarknaden, gode tilsettingsprosessar og at vi har det godt på jobb. Denne dagen har vi leigd inn dei beste innan sitt felt til å gjere oss klokare på rekruttering.

PROGRAM:
Detaljert program kjem snart.

Om foredragshaldarane
Fredrik Fornes: Dette er problemet med ei typisk stillingsannonse

Fredrik har i fleire innlegg på LinkedIn harselert med det han meiner er dårlege stillingsannonsar i Norge.

400.000 visningar på innlegga hans om temaet viser at han er inne på noko. Fredrik vil utdjupe kva han meiner problemet med ei typisk stillingsannonse er, og korleis den frå eit kommunikasjonsfagleg standpunkt enkelt kan bli mykje betre. Fredrik gir konkrete tips og øvingar rundt språk, innhald og oppsett.

Vestlandsforsking: Er karrierestigen kortare i distriktet?
Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette?

Vestlandsforsking har undersøkt dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og har gjennomført ei spørjeundersøking som arbeidstakarar i gamlefylket har svart på. På konferansen presenterer dei for aller første gong resultata av undersøkinga.

Anne Sophie Gjems – FuelBox: Dei viktige relasjonane
Anne Sophie Gjems er Relasjonsarkitekt i FuelBox. Ho fortel oss korleis psykologisk tryggheit kan bli drivaren som gjer at vi presterer godt og trivast saman på jobb.

Anne Sophie er eit fyrverkeri på scena og tar deg med på ei spennande reise der vi verkeleg får kjenne på viktigheita av dei relasjonane vi omgir oss med, både på jobb og heime.

Sparebanken Sogn og Fjordane: Slik auka vi trivselen i banken
Arbeidsmiljø: Sparebanken Sogn og Fjordane ser at tiltak gjort under pandemien har gitt eit betre forhold mellom banken og dei tilsette.
HR-direktør Eirik Rostad Ness fortel kvifor trivselen og medarbeidarengasjementet er større enn nokon gang.

Finn.no & Schibsted: Knekk koden for stillingsannonsen
Korleis kan du knekke stillingsannonsen teknisk? Og korleis får du best mogleg effekt av annonsering av stillingsannonsen?
Finn og Schibsted tar turen til Skei for å gi deg sine beste tips, slik at du ikkje kastar vekk pengane dine.

Fabelaktige fire blir til éi superkraft
Kva skjer når fire lokale aktørar som jobbar med rekruttering, utvikling og næring får streng beskjed om å samarbeide tettare?
Møt dei Fabelaktige fire: Framtidsfylket, Sunnfjord Utvikling, Nordfjordakademiet og Sogn næring. Dei fortel kva nytte DU kan ha av at vi samarbeider tettare.

Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for viktig og nødvendig støtte til konferansen. De gjer det mogleg å gi arbeidslivet i Vestland fagleg påfyll, inspirasjon og kunnskap om eit viktig tema: rekruttering.

Ikkje meldt deg på enno? Gjer det her.

Bredda i næringslivet i Sunnfjord er unik, og no er det på tide at arbeidslivet her får sin eigen festival.
Det meiner vertfall arbeidsgruppa bak karrierefestivalen Elevate 2023.

I samarbeid med Framtidsfylket og Sunnfjord U40 står Rekrutteringsforum Sunnfjord bak ideen om å invitere til festival med arbeidslivet i Sunnfjord som tema. Festivalen har fått namnet Elevate, som tyder å heve.

Fag & fest
Men kva er eigentleg ein karrierefestival? Og kven er det for?

Festivalen er for alle, uansett om du ser etter ny jobb akkurat no eller om du berre vil bli betre kjent med det spanande næringslivet i Sunnfjord. Vi vil gje deg som er interessert i å utvikle karriera di sjansen til betre innsyn i arbeidslivet i Sunnfjord på ein morosam og uformell måte, samtidig som du hevar eigen kompetanse.

På programmet finn du både bedriftspitchar, fagleg påfyll, lynkurs og minst like viktig: mykje moro. Ideen er å kombinere det faglege med det festlege. Som for eksempel TechPub der du får korte faginnslag, god mat og kan henge i baren med mange bransjefolk eller Tapastrail med U40 der du blir kjent med fleire bedrifter, samtidig som du får servert tapas og noko godt å drikke på kvar «stasjon».

Uformelt og moro
Mange bedrifter inviterer og til uformelle og kjekke aktivitetar der ein får bli betre kjent med bedrifta: Til dømes tar PwC deg med på karriereTUR, ein enkel fjelltur der du kan prate med dei som jobbar der, Sunnfjord Miljøverk gir deg lunsjkurs med Linda Stuhaug om korleis du kan bli ein matreddar, og Lotteri- og stiftelsestilsynet avsluttar bedriftspitchekvelden på Larris og har invitert Dangfart Tønnesen til å runde av med humoristisk tombola i kjent stil.

Det skjer òg andre spennande ting i Førde denne veka. Mellom anna blir det mogelegheit for sauna og bading i sentrum, det settast opp utekino, eller du kan bli med på ein kveld med Maol & sup med Huldri i Huldri Galleri.

Skapar kjennskap til karrieremogelegheitene i Sunnfjord
Det mange som ikkje er kjent med alle karrieremogelegheitene i Sunnfjord, og karrierefestivalen skal bidra til at fleire får vite om kva som rører seg i arbeidslivet her. Sunnfjord byr på ein variert og framtidsretta arbeidsmarknad med stort rom for å utvikle seg. No blir det fullt fokus på dette i 4 dagar til endes i starten av juni.

Inviter utflytta familie eller vener på workation!
Skal du invitere nokon til Sunnfjord i nærmaste framtid, er dette veka å invitere til. Kanskje har du vener som kunne trenge ein liten workation hos deg? Dei får gratis kontorplass hos på Peak denne veka viss dei vil sitte der og jobbe på dagtid, og så kan dei vere med på moroa heile veka-

Bruk karrierefestivalen i Sunnfjord til å bli kjent med arbeidslivet, få fagleg påfyll og ha det gøy! Kanskje endar det med ny inspirasjon, kanskje til og med med ny jobb. Kven veit?

Her kan du sjå programmet for veka.

Har du spørsmål kring karrierefestivalen? Kontakt Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller e-post kathe.arnesen@sunnfjord.no.

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte i Jølster, Naustdal og Gaular.

Du møter oss her:

  • Jølster – Skei Hotel, måndag 14. november kl 18.00-20.00.
  • Gaular – Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.
  • Naustdal – Dalen næringssenter 16. november kl 19.00-21.00.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»

  • Profileringsprosjekt
  • Mineralinkubator
  • Sunnfjord Innovasjonsarena AS
  • Nye prosjekt for grøn omstilling
    • Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
    • Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
    • Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
  • Nasjonalt senter for yrkesfag
  • Tilleggsnæring landbruk
  • Remote Sunnfjord og rekruttering
  • Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
  • Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding for Jølster på Skei hotel, frist 11. november: Påmelding Jølster
Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular
Lenke til påmelding for Naustdal, frist 13. november: Påmelding Naustdal

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte på Sunnfjord Hotel, tysdag 25. oktober kl 18.00-20.30.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»
• Profileringsprosjekt
• Sunnfjord Innovasjonsarena AS
• Mineralinkubator
• Nye prosjekt for grøn omstilling
– Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
– Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
– Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
• Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40
• Nasjonalt senter for yrkesfag

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding, frist 21. oktober: https://no.surveymonkey.com/r/OpeInformasjonsmote

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

Jobbar du med rekruttering i di bedrift? Då har vi ei gladmelding til deg: No kan du få med deg to kurs som kan hjelpe deg i rekruttingsarbeidet, og det på ein og same dag!

I samarbeid med Framtidsfylket og med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har vi sett opp ei kursrekke som skal bidra til at du som rekrutterer har den kunnskapen du treng for å få tak i dei folka du treng.

No står to nye kurs for tur: Employer branding og LinkedIn som rekrutteringsverktøy.

Sett av ein dag til kompetanseheving og få nyttig kunnskap og praktiske tips og triks som kan vere til nytte for deg i arbeidskvardagen.

Kursa vert arrangert 4 stader i Vestland denne hausten:

  • Førde: 1. november, Thon Hotel Førde
  • Odda: 2. november, Smelteverket 57, Odda
  • Sogndal: 24. november, info om kurssted kjem seinare
  • Nordfjordeid: 25. november, info om kurssted kjem seinare

Du kan melde deg på eitt av kursa, eller begge – vi anbefaler sjølvsagt at du får med deg begge!

Begge kursa er gratis for medlemmar i Rekutteringsforum Sunnfjord (max 2 deltakarar pr. medlemsbedrift). Det vert servert varm lunsj til dei som deltek på begge kursa.

Kurs i employer branding (09.00 – 12.00)
Alle arbeidsgjevarar har eit employer brand, eller ei merkevare for korleis det er å jobbe i akkurat di bedrift.

Spørsmålet er på kva måte ein brukar det til sin fordel og korleis employer branding kan styrke din rekrutteringsstrategi. Kva er det og korleis påverkar selskapet sitt omdøme rekruttering av nye tilsette?

Kurset vil gje deg innsikt i:

  • Korleis du kan bli «den arbeidsgjevaren alle vil arbeide for»?
  • På kva måte EP kan bidra til å redusere kostnaden for tilsettingar?
  • Korleis tiltrekke seg dei største talenta?
  • På kva måte ein kan få tilsette til å bli verande i bedrifta ved å fokusere på merkevara?

Kurshaldar er Hans Petter Stub, Head of employer branding i Whyidentify.

Meld deg på kurs i employer branding: Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller Nordfjordeid 25. november.

Hans Petter er ein av Norges mest erfarne konsulentar innan employer branding og ofte brukt som foredragshaldar. Han har undervist i employer branding på Universitetet i Sør Øst-Norge, Handelshøyskolen BI og Campus Kristiania. Han held kurs i regi av HR Norge og blei i år den første vinnaren av æresprisen i Magnet Awards – NM i employer branding.

 

Meld deg på kurs i employer branding i Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller i Nordfjordeid 25. november.

Kurs: LinkedIn som rekrutteringsverktøy (13.00 – 15.30)
Visste du at det er ca. 88 000 personar i Vestland fylke som er på LinkedIn?

Det er ein stor kandidatbase å søke i! For ikkje å snakke om at det er ein god kanal for employer branding og stillingsannonsar.

På dette kurset lærer du mellom anna:

  • Korleis du kan bruke LinkedIn når du skal rekruttere
  • Korleis du kan søke etter relevante kandidatar
  • Ulike typar stillingsannonsar ein kan bruke på LinkedIn
  • På kva måte du sjølv og dine kollegaer kan bli gode ambassadørar for bedrifta på LinkedIn
  • Smarte tips & triks

Kurshaldar er Kathe Arnesen, prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Kathe har meir enn 10 års erfaring frå media, marknadsføring og strategisk kommunikasjon. Ho har ei glødande interesse for digitalisering og har leia fleire prosjekt innan digitalisering og innovasjon. Ho er ein erfaren kurs- og foredragshaldar innan tema som framtidas arbeidsliv, rekruttering, LinkedIn, sosiale medium og innhaldsmarknadsføring.

Meld deg på kurs i LinkedIn som rekrutteringsverktøy i Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller Nordfjordeid 25. november.

Kursprisar:
Employer branding: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 1750,- og for ikkje-medlemmar 2 250,-

LinkedIn som rekrutteringsverktøy: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 1250,- og for ikkje-medlemmar 1750,-

Pakkepris for begge kursa: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 2500,- inkl. lunsj, for ikkje-medlemmar 3500,- inkl. lunsj.

Har du spørsmål om kursa, kontakt Kathe Arnesen i Rekrutteringsforum Sunnfjord på tlf. 98 88 36 88.

Vel møtt!

Bli betre på å gjennomføre jobbintervju!

Jobbar du med rekruttering i di bedrift og ønskjer å få meir struktur på prosessen? Då er dette kurset for deg. Det er lagt opp til ein teoridel på førmiddag og ein valfri workshop etter lunsj der du kan få praktisk trening i å gjennomføre intervju.

Kurset passar både for deg som arbeider med tilsettingar dagleg og deg som berre rekrutterer av og til.

Kursinnhald:

  • Presentasjon av elementa i rekrutteringsprosessen
  • Kort om jobbanalyse, som er avgjerande for vellukka rekruttering
  • Førstegangsintervjuet – «Den gode samtalen»: Førebuing, fallgruver du bør unngå, etisk kommunikasjon, kroppsspråk og evaluering m.m.
  • Andregangsintervjuet:
    • Strukturert eller delvis strukturert intervjuteknikk,
    • Korleis komme meir i djupna på kandidaten sin personligheit,
    • Kva har vi ikkje lov til å spørre om i intervjuet?
    • Bruk av testar i forkant av intervjuet
    • På kva måte følge opp kandidatar som ikkje går vidare m.m.
  • Referanseintervjuet og bakgrunnssjekk
  • Bli god på å ta i mot nye tilsette

Når: 2. juni kl. 09.00 til  kl 12.30.
Stad: Scandic Sunnfjord hotel og spa
Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord (1 person frå kvar medlemsbedrift).
Pris for medlemmar i Framtidsfylket kr 1 750,- / ikkje medlem kr 2 250,-

Valfri workshop:
Praktisk trening i intervjuteknikk (13.30 – 15.00). NB: max 16 deltakarar

Vil du bli betre på å gjennomføre intervju? Då har du moglegheit til å få praktisk trening og tilbakemelding fra fagpersonar.

  • Gjennomgang i plenum av gjennomføringen av intervjuet
  • Vi deler i grupper på 3-4 personar
    • Ein intervjuar
    • Eit intervjuobjekt
    • Ein til to observatørar som evaluerar intervjuaren ut frå valde kriterium
  • Oppsummering i plenum

Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord (1 person frå kvar medlemsbedrift).
Pris for workshop med intervjutrening for medlemmar i Framtidsfylket kr 950,- / ikkje medlem kr  1250,-
Dei som deltek på workshopen får lunsj.

Meld deg på her

Kursinstruktør: Elin Hagene, Hagene & partners
Elin Hagene har lang fartstid innan rekrutteringsfaget. Dei siste 15 åra har ho arbeidd med rekruttering og tilsettingar mellom anna som fagsjef for rekruttering i Norges tredje største bemanningsbyrå.

Ho underviser i rekrutteringsprosessen og bruk av testverkty og har spesialisert seg på kurs i strukturert intervjuteknikk. Elin er DNV-sertifisert rekrutterar og har sertifisering for Human Content og Aon sine verktøy. Ho har også ein bachelor i internasjonalisering og marknadsføringsleiing frå BI med organisasjonspsykologi som en del av fagkretsen.

Arrangør: Framtidsfylket og Rekrutteringsforum Sunnfjord

Kontakt Framtidsfylket:
Linda Hovland mob: 99 01 78 52, e-post: linda@framtidsfylket.no

Kontakt Rekrutteringsforum Sunnfjord
Kathe Arnesen mob: 98 88 36 88, e-post: kathe.arnesen@sunnfjord.no

Ein del av arbeidet vi gjer i Rekrutteringsforum Sunnfjord, er å bidra til å spele medlemmane våre gode på rekruttering.

Saman med Framtidsfylket og PwC inviterast det no til kurs i rekrutteringsstrategi. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis di bedrift kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte, og kva som er viktig for at kandidatane skal sjå på di bedrift som ein attraktiv arbeidsgjevar.

Kurset blir ein introduksjon til korleis ein kan tenke rundt ein overordna rekrutteringsstrategi, og seinare vil vi sette opp ei kursrekke der vi går litt meir i dybden på enkelttema. Meir info om det kjem seinare i haust.

Kursdato: 21. september 2021
Stad og tid: Thon Hotel Førde, kl. 10.00 – 14.00. Det blir servert enkel lunsj
Pris: 1700,- per deltakar (for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord dekker vi 25% av kostnaden for ein deltakar per bedrift, så for dei er prisen 1275,-).

I løpet av kurset fokuserast det på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi, og å finne svar på:

  • Kva kompetanse er det behov for?
  • Kva fokus bedrifta har med tanke på kort – eller langsiktig rekruttering?
  • Når og korleis skal ein annonsere?
  • Korleis ein tek imot, tek vare på, og takkar av dei tilsette?
  • Kva rekrutteringsstrategien har å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Kurset vil også svare på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane.

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon?
  • Kva mål har vi med ulike rekrutteringstiltak?
  • Kva tiltak har bedrifta i dag?
  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?
  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I lag med innspel og erfaring frå  deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket vil kurset styrke dykkar kompetanse innan rekruttering.

Om PWC
PwC er ein av Norge sine mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontorstadar.

Gunn Merete Paulsen er advokat og partner i PwC. Ho har mange års erfaring med å jobbe med rekruttering gjennom ulike leiarroller og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter samt offentleg sektor. Silje har ansvar for markedskommunikasjonen til PwC i Nordvest og har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.

Spørsmål? Ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket på tlf. 99 01 78 52 eller e-post linda@framtidsfylket.no

Meld deg på her.

Rekrutteringsprosjektet som hadde oppstart før jul er no godt i gang, og for tida pågår det kartlegging på to viktige områder:

Kva type kompetanse næringslivet og det offentlige i Sunnfjord har behov for dei nærmaste åra, og i kor stor grad personar frå andre kantar av landet er villige til å flytte på seg i jobbsamanheng.

Kartlegginga av rekrutteringsbehovet gjer me for betre å kunne hjelpe næringsliv og det offentlege med å tiltrekke rett type kompetanse til regionen – når vi veit meir om kva behovet er, kan vi målrette aktivitetar og kommunikasjon spesifikt mot dei yrkesgruppene og kompetanseområda som trengs mest.

Undersøkinga retta mot kandidatar over heile landet vert gjennomført i samarbeid med Norstat, for å sikre at vi får svar som er representative for heile Noreg.

I denne undersøkinga spør vi blant anna om folk kan tenke seg å flytte på seg for å jobbe, kva som er viktigast for dei når dei skal byte jobb, og kva som eventuelt er til hinder for at dei skal flytte.

På den måten får vi vite kva alders- og yrkesgrupper som er mest villige til å flytte, og kva som må til frå arbeidsgjevar og kommunen sin side for å få dei hit.

Vil du vite meir om desse undersøkingane eller ynskjer å få presentert resultata når dei er klare, ta kontakt med prosjektleiar Kathe Arnesen på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller telefon 98 88 36 88.

 

 

Tag Archive for: Rekrutteringsforum Sunnfjord

Ingenting funnet

Beklagar, ingen innlegg matchet dine kriterier